Velkomen til SASen!

27. - 29. Mars er det endeleg klart for SASen igjen! Vi håper du er like klar som oss for ei fantastisk helg saman!

 

Spørsmål og svar om SASen:

Kva er SASen?
SASen er ei kjekk og sosial helg for dei eldste i 4H Møre og Romsdal. Det blir felles aktivitetar, leikar og mykje moro. Fokuset er fellesskap og god stemning! Det er avgrensa antall plassar på dette arrangementet, så "fystemann til mølla"-prinsippet gjelder her. SASen blir arrangert av MORAL og 4H Møre og Romsdal.

 

Kva er aldersgrensa?
Du kan melde deg på SASen frå året du fyller 15 år.

Kvar skal vi vere?
SASen skal vere på BUL-hytta på Skaret i Molde.
Det er plass til 25 deltakarar i tillegg til arrangørane.

Korleis kjem vi oss til BUL-hytta?
Beskrivelse bil: BUL-hytta, du kan parker langs hovudvegen (på nedsida) og følge stien opp til hytta 

For dei som kjem med buss til Molde vil det bli mogleg å bli plukka opp. Vi må vite kor mange som treng å bli plukka opp, så hugs å registrere det i påmeldinga!
Meir info om dette kjem når påmeldinga er stengt og vi veit kor mange som har behov.

 

Får vi mat?
Alle måltid er inkludert i prisen. Maten blir laga av arrangørane og deltakarane i samarbeid. Godteri og snacks må deltakarane ha med sjølve.

 

Må vi ha med vaksenleiar?
Nei.

Kva koster det?
Deltakarar: 650,-
Prisen inkluderer overnatting og alt av måltid. Godteri må deltakar ordne med sjølv.

 

Årets program

Fredag 27. mars

18.00 Oppmøte

20.00 Kveldsmat

21.00 Bli-kjent og sosialt

23.00 Stille på romma
 

Laurdag 28. mars

09.00 Vekking og frukost

10.00 Aktivitet ute

13.00 Lunsj

14.00 Aktivitet ute fortsett

19.00 Middag

20.00 Sosialt

23.00 Stille på romma
 

Søndag 29. mars

09.30 Vekking og frukost

10.30 Pakking, rydding og vasking

12.00 Avreise

 

Pakkeliste

  • Sovepose og laken til enkeltseng
  • Drikkeflaske
  • Hovudlykt
  • Liten tursekk (20-30L)
  • Varme sko og klede til å vere ute heile laurdagen
    • Ullklede
    • Lue og vottar
    • Varm jakke
    • Tjukk ullgenser
    • Turbukse/skibukse
    • Tursko/vintersko
    • Ekstra skift
    • Solkrem
  • Sitteunderlag
  • Inneklede
  • Innesko
  • Toalettsaker
  • Ta gjerne med brettspel om du har!
  • Snacks og godteri

 

Påmelding

Påmeldinga stenger: Fredag 13. Mars

Aldersgrense: Frå året du fyller 15 år

Pris for deltakar: 650,-

 

Har du spørsmål er det berre å ta kontakt med:

4H Kontoret – Linda, tlf, 96 09 67 79
Fylkesstyret – Ann Iren, tlf: 90 57 75 51