- Arrangør:
- (heldags)

Det er snart endeleg klart for SASen igjen! MORAL og fylkesstyret håpar du er like klar som oss for ei fantastisk helg saman!
Kva er SASen?
SASen er ei kjekk og sosial helg for dei eldste i 4H Møre og Romsdal. Så sett av fyste helga i påskeferien og bli med på SASen. Det er avgrensa antall plassar på dette arrangementet, så "fystemann til mølla"-prinsippet gjelder her. Programmet er ikkje 100% spikra, men det blir mange kjekke aktivitetar både inne og ute. Vi kan love at det blir mykje kortspel, leikar og veldig god stemning. Laurdagen blir vi ute store delar av dagen, så sjekk vêrmeldinga og ta med nok klede.
Program
F
Tidspunkt | Fredag | Laurdag | Søndag |
---|---|---|---|
09:00 | Vekking og frukost | ||
09:30 | Vekking og frukost | ||
10:00 | Aktivitet ute | ||
10:30 | Pakking, rydding og vasking | ||
12:00 | Heimreise | ||
17:00 | Fri | ||
18:00 | Oppmøte | ||
19:00 | Middag | ||
20:00 | Kveldsmat/middag | Felles aktivitet | |
21:00 | Bli-kjent og sosialt |
Pris
Deltakarar: 650,-
Prisen inkluderar alt av måltid, maten blir laga av arrangørar og deltakarar i samarbeid. Godteri og snacks må deltakarane stille med sjølv.
Transport
For dei som kjem med buss til Molde vil det bli mogleg å bli plukka opp ved gamle Bunnpris. Vi må vite kor mange som treng å bli plukka opp så hugs å registrert det i påmeldinga!
Pakkeliste, vegforklaring og info
Pakkelista og vegforklaring til hytta kjem når arrangementet nærmar seg litt meir.
Har du spørsmål? 🤔
Ta kontakt med oss då vel!
4H Kontoret - Amalie: 960 96 782
Fylkesstyret - Sofie: 955 54 767