Velkomen til fylkesleir på Kleive!


Innhald
Praktisk informasjon
Påmelding og prisar
Program
Pakkeliste
 

Praktisk informasjon

Kva er fylkesleir?

Fylkesleir er ein sommerleir der barn og ungdom møtast for å ha det kjempekjekt og bli kjent med nye venner frå heile Møre og Romsdal! Dei får delta på ulike aktivitetar, leikar, konkurransar og mykje anna moro! Her har dei moglegheit til å få nye og spennande opplevingar, sove i telt, delta i eit fantastisk fellesskap og skape minner for livet!

 

Kven kan melde seg på fylkesleir?
Alle som er medlem i 4H kan vere med, i tillegg kan foreldre og søsken melde seg på.

Frå året du fyller 8 år kan du melde deg på leir med aktivitetstilbod. Les meir om aktivitetstilbodet til deltakarane her.

 

Vaksne på leir

Ein vaksenleiar må vere myndig og kjenne deltakarane du har ansvar for (minimum ved namn, utsjånad og klubb). Ein må ha med minimum 1 vaksenleiar pr 10 deltakar. Er deltakarane under 10 år bør det vere større vaksentettleik. Deltakaravgifta for vaksenleiar, er det klubben som betalar. Har 4h klubben problem med å finne vaksne som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb, då må vi få beskjed om dette. Vaksne kan òg dele på opphaldet (første halvparten- andre halvparten) Då melder ein på berre èin leiar, men skriv i “friteksten” (under påmelding) at ein skal bytte, kven ein skal bytte med, og når.

Forventningar til deg som er vaksenleiar:

  • Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson.
  • Du kjenner reglane for arrangementet og respekterer desse.
  • Du kjenner deltakarane du har ansvar for (minimum ved namn, utsjånad og klubb).
  • Du har oversikt over når og korleis deltakarane dine kjem til/frå arrangementet.
  • Du søv i teltleiren under arrangementet.
  • Du har alltid oversikt over kor deltakarane dine er.
  • I ein beredskapssituasjon følger du beredskapsplan og instruks frå sikkerheitsleiar på staden.
  • Du, eller ein anna representant frå din klubb, deltar på leiarsamling på fylkesleiren.
  • For arrangørkomiteen er du ein viktig støttespelar og positiv ressurs.

Takk for at du stiller opp som frivillig vaksenleiar!

 

Kvar skal vi overnatte?
Kleivehallen i Molde kommune

Leirområdet er rundt Kleivehallen og Kleive oppvekstsenter. Deltakarane bur i telt på gras-fotballbana rett ved hallen. Inne i hallen er det garderober, wc, dusj, leirkontor, matservering og kiosk.

Deltakarane blir delt inn i såkalla tun - små leirfellesskap der samarbeid, aktivitet og leirglede står i sentrum. Du søv i lag med andre frå din klubb, men og andre klubbar vil vere i ditt tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb).

 

Får vi mat?

Du får servert middag kvar dag. Resten av måltida må du ordne med sjølv. Klubben bruker å ha eit samarbeid på dette. Du får også mjølk, juice og yoghurt til frukostmåltidet.

 

Kiosk

Det blir kiosk i leiren, med sal av tradisjonelle kioskvarer. Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant. Betaling: Vipps, kontant og kort.

 

Miljøtorg

Tradisjonen tru stiller MORAL med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, MORALtoast, vafler og MORAL-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett i gang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet. Betaling: Vipps og kontant.

 

Årets tema for leiren er «Gøy på landet»

På laurdagen er det innmarsj og underhaldning, då oppmodar vi alle til å kle seg ut innan temaet «Gøy på landet» Kanskje dukkar det opp både ei budeie, eit gardsdyr eller eit fugleskremsel på leirområdet? Tenk kreativt! – Her er det berre fantasien som set grenser.

Det blir kåring av både beste kostyme og best pynta tun. 

 

Volleyball og tautrekking

Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant-klasse og junior/senior-klasse. Det vert kjempa om pokal i begge klasser.

Innmelding av lag til leirkontoret seinast laurdag kl. 9.00.

 

Påmelding og prisar


Påmeldinga opnarOnsdag 22. April

 

Prisar

Vaksenleiar

Kr. 800,-
(Klubben betaler ofte for sine vaksne)

Barn utan aktivitet

Kr. 800,-
Barn, til vaksenleiarar, som ikkje er medlem i 4H, og/eller under 8 år.


Ledsager, til deltaker med funksjonsnedsettelse, melder seg på slik som ein vaksenleiar, men skriv i "friteksten" at du er ledsager og for kven. 
På 4H.no kan du søke støtte frå tilretteleggingsfondet.
 

Korleis melder vi oss på?

  • Vaksenleiarar, ledsagarar og arrangørar melder seg på øverst på denne nettsida.
  • Vaksne som ikkje har medlemsnr melder seg på via formskjema her. NB! Vaksne som er pårørande til eit 4H-medlem har medlemsnr! Spør etter medlemsnummeret på 4H kontoret. 
  • Barn til vaksenleiarar som ikkje er medlem i 4h, eller er under 8 år melder seg på formsskjemaet her.

    Påmeldinga til leiren er bindande! Om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan vedkommande bruke eiga reiseforsikring.
     

Påmeldingsfrist / avmeldingsfrist: Mandag 1.juni.

 

Program  

Fredag 26. juni: 

Frå kl. 15.00

Leirområdet opnar for registrering og leirbygging  

18.30 

Servering av varmt måltid    

20.00

Opning (Bli kjent)

21.00

Vi viser VM kampen, Norge - Frankrike!

22.00

Leiarsamling 

22.00

Miljøtorget opnar 

24.00

Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2015 og seinare 

01.00

Miljøtorget stenger 

 

Lørdag 27. juni: 

08.00

Vekking - Frukost  

09.00

Flaggheising - Morgonsamling -
Premiering av dagens morgonfugl

09.30 - 15.00

Aktivitetsdag
Lunsjpause når det passar

16.00

Middag
Samling for Landsleir-deltakarane i Miljøtorget

17.00 - 18.30

Volleyballkampane startar 

19.00

Innmarsj og underhaldning - Tema: «Gøy på landet» 

21.00

Kveldsmat 

22.00

Leiarsamling

24.00

Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2015 og seinare 

01.00

Miljøtorget stenger 


 

Søndag 28.juni: 

08.00

Vekking - Frukost  

09.00

Flaggheising - Morgonsamling -
Premiering av dagens morgonfugl

Tautrekking (med finalar)  

10.30

Volleyballkamper fortsetter  

11.15

Volleyballfinalar + showkamp mot MORAL 

13.00

Rydding og pakking  

14.00

Premieutdeling og avslutning 

14.30

Servering av varmt måltid – Vel heim! 

 

Pakkeliste 

  • Telt, plast og presenning
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Regnklede, gode sko og støvlar
  • Varme klede
  • Lette klede
  • Badeklede
  • Handklede
  • Toalettsaker
  • Tallerken og bestikk til middag
  • Mat til brødmåltida
  • Matboks og drikkeflaske til lunsj
  • Enkelt førstehjelpsutstyr
  • Nødvendig medisin
  • Solkrem og myggmiddel
  • Ladder
  • Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i
  • Kontantar til kiosk for dei som ikkje har vipps
  • Utkledning til “gøy på landet” og pynt til tunet
  • Bord og stolar (organiser i klubben)
  • Partytelt?
  • Sovemaske og ørepropper?
     

Ved spørsmål ta kontakt med kontoret:   
E-post: linda.bjordal@4h.no eller tlf. 96096779