- Arrangør: Ruggå 4H
- Valldal i Fjord kommune
- (heldags)
Aktivitet
Velkomen til ei heil natt fylt med volleyball, spennande kampar og artige 4H-arar!
Nattvolleyball 2026
Ruggå 4H inviterer til nattvolleyball!
Kvar: Martin Linge huset i Valldal.
Adresse: Skulebrauta 46, 6210 Valldal.
Når: Fredag 13. mars til laurdag 14. mars.
For kven: Alle 4Harar som fyller 12 år eller meir i 2026.
Pris: 350,- for deltakarar. 200,- for sjåførar/foreldre/rådgjevarar.
Då er alle måltid inkludert. Det blir enkel kiosk i tillegg.
- Blandalag (kjønn og alder)
- Innleiande kampar på tid. Finalespel går på sett.
- Konkurranse om beste felles utkledning!
TEMA: Filmkarakter - Vi ordnar så det er mogleg å ta ein kvil i løpet av natta.
- NB! Hugs innesko som ikkje lagar merke!
Program
Frå kl. 19:00 Registrering
20:00 Taco
21:30 Bli kjent leikar
22:30 Turneringa startar
00:00 Brødmat og frukt
01:00 Turneringa fortset
Ca 4:30 Finalar
Ca 5:45 Premieutdeling og avslutning
06:00 Frokost og heimreise
Påmeldingsfrist/avmeldingsfrist: fredag 6. mars
I påmeldinga informerer du under "fritekst", om du har lag /kva lag eller evt ikkje har lag.
Om du lurer på noko så ta kontakt med
klubbrådgjevar Berit Fredriksen, tlf 48071811
Velkomne til ei eventyrlig 4H natt!