- Pris: Kr 300,-
- Arrangør:
- Istad
- (heldags)
Lika du å døgne? Lika du 4H og kanskje du til og med lika å spele volleyball. Då er dette rette arrangementet for deg!
Klurtolla 4H ynskjer å invitere deg til nattvolleyball på Istad fyste helga i mars.
Velkommen til våren si morsomaste 4H-natt!
I denne saka finn du
Kvar?
Kleive Grendahus og Idrettshall i Molde kommune (sjå kleivehallen.no for forklaring)
Aldersgrense
12 år (alle som fyller 12år i 2023) og oppover
Program
Registrering frå 19.00
20.00 Brødmat og frukt
21.00 Bli kjent-leikar
22.00 Start turnering
24.00 Taco-middag
01.00 Turnering fortsetter fram til finalar ca. 04.30
05.45 Premieutdeling og avslutning
06.00 Frokost og heimreise
Påmelding
Pris
- Deltakar: 300kr
- Vaksen: 150kr (vaksne vel "klubbrådgjevar" ved påmelding)
PS! Ved påmelding vil du få val om å hake av for om du er på eit lag, i så tilfelle skriv lagnamnet (klubb) i fritekst på slutten av påmeldinga.
Har du ikkje lag så kan du melde deg på å hake av for dette så vil du bli sett opp på eit lag.
Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (22. februar), må deltakaravgifta likevel betalast. Unntaket er dersom du blir sjuk og kan vise til attest frå legen. Dersom dette skulle skje, må du snarast sende epost eller ringe til Ragnhild.
Økonomi skal ikkje vere eit hindring for å delta på 4H sine aktivitetar – alle som vil, skal vere med. Det er mogleg å søkje om deltakarstøtte for å delta på arrangement og aktivitetar. Les meir om 4Hs deltakerstøtte.
For å melde deg på til superhelga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregistret.
Klikk på linken for rettleiing for innlogging i medlemsregistret
Reglar og litt informasjon:
- Blandalag (både kjønn og alder)
- Kvar innleiande kam blir på tid, medan finalespelet går på sett, vi ser an litt når vi ser kor mange lag som melder seg på
- Konkurranse om den beste felles utkledning for laga der tema er: Dyr
- Det blir moglegheitar for å legge seg ned og kvile i løp av natta. Vi vil også lage eit "stillerom" for dei som vil sove skikkeleg.
Lurer du på noko? Ta kontakt med rådgjevar June B Fostervold på tlf. 48254613
Problem eller spørsmål vedrørande påmelding ta kontakt med Ragnhild S: Bjørkedal
E-post: ragnhild.bjorkedal@4h.no tlf. 47640341