- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Scandic Hotell Alexandra, Molde
- (heldags)

Kurs
Dette er ei samling for vaksne frivillege i klubbane. Samlinga har som mål å gje inspirasjon, motivasjon og gje deg tips til å ta med tilbake til klubben.
- Stad:
Samlinga skal ver på Scandic Alexandra i Molde frå 17.-19.januar 2025. Oppmøte frå kl. 18.00 og vi er ferdige ca 14.00 på søndag.
- Rom og pris:
Vi har fått overført noko av midlane vi fekk frå Gjensidigestiftelsen, derfor har vi veldig gode subsiderte prisar i år. Vi oppfordra til å dele rom. Dette er både berekraftig og sosialt.
Dobbeltrom kr. 2000,- per person for heile helga(enkeltrom kr. 3000).
Dersom det er helsemessige utfordringar som gjer det vanskeleg å dele rom, ta kontakt så finn vi ei løysning på det.
Om det kjem 3 eller fleire frå same klubb, får klubben ein rabatt på kr. 300,- for nummer 3,4 osv.
Samlinga blir fakturert til klubben, dette fordi det sjølvsagt er klubben som skal betale for sine klubbrådgjevarar. Dette er ei lita påskjønning med tanke på alt arbeidet de legg ned gjennom året.
- Tema:
Tema for samlinga er inspirasjon og aktivitet. Målet er att du som klubbrådgjevar skal kunne reise heim med ny inspirasjon, og konkrete ting som kan gjerast i klubben.
Vi får blant anna besøk av vår sprudlande Sentralstyre leiar, Martin Holmen. Martin er utdanna journalist og er programleder i NRK P3. Han har vor 4H- ar heile livet. Og har i mange samanhengar fronta kor mykje 4H har hatt å sei for han. Han vil og prate om kvifor klubbrådgjevarar er viktige for å skape eit miljø kor ungdom opplever mestring og tilhørigheit.
Det blir og besøk til trivlege Solemdal 4H gard, med omvisning og litt å bite i. Medan vi er der skal de og få vere med på kjekke aktivitetar frå «Aktivitets-pakkane» som klubbane no kan bestille. Er vi heldige og det er snø, kan det bli ein spannande ake-oppleving og. Vi skal og markere "Heile Norge bålar" , dette er ei nasjonal markering av starten på Friluftslivets år.
Fleire tema vil kome til, og har du noko du meinar vi burde snakke om - gi oss beskjed.
- Påmelding:
Påmeldingsfrist til samlinga er 27. november, dette fordi vi har frist frå hotellet til å justere antall rom.
Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over(27.11) må ein nytte eiga reiseforsikring til refusjon. Det er mogleg å «overføre» plassen til ein anna rådgjevar – i så fall må vi ha beskjed.
Har du allergiar, behov for tilrettelegging eller er det andre høve arrangør bør vite om, ver venleg å oppgi dette ved påmelding i feltet for helseopplysningar eller fritekst.
For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.
Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H. Ta kontakt med kontoret eller send e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Tilbake får du eit medlemsnummer og kan melde deg på samlinga.
- Program (endringar kan forekomme):
Fredag
18:00 Ankomst og innkvartering
19:00 Middag
20:00 Velkommen og info om aktivitetspakkane
20:30 Sosialt samvær
Laurdag
08:00 Frukost
09:00 Reise til Solemdal 4H-gard
- Vi tester deler av aktivitetspakken
- Heile Norge båler
12.00 Retur til hotellet
13:00 Lunsj
14.00 Sentralstyreleiar Martin har ordet
- Inspirasjon
- Klubbrådgjevarar - ei viktig rolle
18.00 Fri
20:00 Middag
21:30 Sosialt samvær
Søndag
09:00 Frukost
10.00 Info frå fylket
10:30 Parallelle seksjonar
-
Min side
-
Prosjektplattform
-
Erfaringsdeling – aktivitet i klubb
-
Erfaringsdeling – verving
-
Erfaringsdeling - søknadar
-
Med arrangør Fylkesarrangement
11:15 Pause – utsjekk
11:30 Parallelle seksjonar fortsetter
12.20 Spørjetimen
12:40 Evaluering
13:00 Lunsj
14:00 Vel heim