- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Vestnes
- (heldags)

Aktivitet
Dette er ei samling som skal gje motivasjon, inspirasjon og meir energi til vaksne i 4H. Det blir fagleg påfyll og mykje sosialt
Samlinga vært på Vestnes Fjordhotell på Vestnes frå 19.-21.januar 2024
Sidan vi var så heldige å få midlar frå Gjensidigestiftelsen vil samlinga vere gratis for deltakarar som ynskjer å bo på dobbeltrom. For dei av dykk som ynskjer å bo på enkeltrom er prisen 3500kr.
Dersom det skulle vere utfordringar som gjer det vanskeleg å dele rom, ta kontakt så finn vi ei løysning på det.
Tema for samlinga vil vere noko variert. Mellom anna vil Hilde Hide presentere prosjektet «Turmat fra hele verden» og dykk vil bli delt i gruppe for å forberede ulike retta. 4H løpet og den nye plattformen vil bli gjennomgått, samt ei gjennomgang av søknadsskriving. Det blir og lagt til rett for erfaringsutveksling mellom klubbane.
Det arbeidast med å få på plass enda ein ekstern foredragshaldar..
Påmeldingsfrist til samlinga er 3. januar, men ikkje nøl med å melda deg på. Bli med å få ein kanonstart på 4H-året 2024 du også!
I første omgang opnar vi for 3 frå kvar klubb, dette for att alle klubbar skal få moglegheit til å delta. Etter 12. desember er det fritt fram å fylle opp plassane.
Påmeldinga er bindande. Dette betyr at dersom du må melde deg av arrangementet etter at påmeldingsfristen er over (3. januar), blir ein pålagt å betale ei avgift på 4500kr - uansett grunn.
Har du allergiar, behov for tilrettelegging eller er det andre høve arrangør bør vite om, ver venleg å oppgi dette ved påmelding i feltet for helseopplysningar eller fritekst.
For å melde deg på Inspirasjonssamlinga må du finne fram medlemsnummeret ditt i 4H. Dersom du ikkje hugsar passordet må du klikke på «glemt passord». Nytt passord blir sendt til registrert e-postadresse i medlemsregisteret.
Dersom du er nyvalt klubbrådgjevar, må du registrere deg/melde deg inn i 4H.
Dette gjer du ved å sende e-post til kontingent@4h.no. Oppgje personalia og kva klubb/fylke du er valt inn i. Tilbake får du eit medlemsnummer og kan melde deg på samlinga.
Fredag
18:00 Ankomst og innkvartering
19:00 Middag
20:00 4H løpet og plattformen
21:00 Leik, moro og sosialt samvær
Laurdag
08:00 Frukost
09:00 Pøbelprosjektet med Eddi Eidsvåg*
12:00 Noko å bite i
13:00 «Turmat fra hele verden» med kursholder Hanne Hide**
19:00 Middag
20:30 Leik, moro og sosialt samvær
Søndag
09:00 Frukost
10:00 Søknadsskriving
11:00 Case/Erfaringsutveksling
13:00 Lunsj
14:00 Vel heim
Endring i programmet vil kunne førekome.
*Pøbelprosjektet:
Pøbelideologi handlar om å inkludere. Heile ideologien handla om prosessa for å inkludere ungdom utanfor, uansett etnisitet, psykiske eller fysiske utfordrinar. Å arbeide med ungdom handla om å innsjå at fokus på inkludering er ein syltynn grense mot ekskludering. Derfor ser vi at i organisasjonslivet, skule og idrett fell aktive barn ofte av i 14-15 års aldaren. Dette ofte fordi prestasjons forventningane ikkje eigast av ungdommen sjølv, men adopterast av venna og vaksne! Det handla om å eige trua på at "eg e go nok" (Eit begrep som Per Fugli adopterte med lov frå Pøbelprosjektet). Skal ein jobbe for inkludering må ein forstå ekskludering.
** "Turmat fra hele verden"
Målet med prosjektet er å bygge bro mellom norsk turkultur og internasjonal matkultur. Vi ønsker å gi deltakerne et verktøy for å inkludere nye grupper til friluftslivet. Kurset vil:
- trygge deltakerne i egne praktiske ferdigheter
- gi kunnskap om nødvendig utstyr
- gi tips til aktiviteter
- inspirere til gjennomføring av egne turmat-arrangement
Har du spørsmål ta kontakt med kontoret eller fylkesstyret
Isabell Cathrin Hagen
isabell.hagen@4h.no
Mobil: 98085947
Silje Kristin Stadheim
silje_kristin_s@hotmail.com
Mobil: 98824283