- Arrangør: 4H Møre og Romsdal og Klurtolla 4H
- Kleive i Molde kommune
- (heldags)
Leir
Gjer deg klar for tre fantastiske dagar fulle av aktivitetar, leikar, konkurransar og spennande opplevingar og nye vennskap! Bli med da vel!
Foto: Kim Sund – Frå fylkesleiren i 2023
Velkomen til fylkesleir på Kleive!
26. – 28. juni inviterar 4H Møre og Romsdal og Klurtolla 4H til leir!
Leiren skal vere ved Kleivehallen i Molde kommune. Her blir det tre dagar med spannande aktivitetar, konkurransar, leikar og mange nye opplevingar! Du treff igjen gamle 4H-vener, og får nye venner frå heile fylket.
Innhald
Praktisk informasjon
Påmelding og prisar
Aktivitetar
Program
Pakkeliste
Kva er fylkesleir?
Fylkesleir er ein sommerleir der barn og ungdom møtast for å ha det kjempekjekt og bli kjent med nye venner frå heile Møre og Romsdal! Du får delta på ulike aktivitetar, leikar, konkurransar og mykje anna moro! Her har du moglegheit til å få nye og spennande opplevingar, sove i telt, delta i eit fantastisk fellesskap og skape minner for livet!
Kven kan melde seg på fylkesleir?
Alle som er medlem i 4H kan vere med, i tillegg kan foreldre og søsken melde seg på.
Frå året du fyller 8 år kan du melde deg på leir med aktivitetstilbod. Aktivitetane har ulik aldersgrense. Meir info finn du under "Aktivitetar"
Må vi ha med ein vaksen?
Ja. Ein må ha med minimum 1 vaksenleiar pr 10 deltakar. Er deltakarane under 10 år bør det vere større vaksentettleik. Deltakaravgifta for vaksenleiarar, er det klubben som betalar. Har de problem med å finne nokon som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb, då må vi få beskjed om dette. Vaksne kan òg dele på opphaldet (første halvparten- andre halvparten) Då melder ein på berre èin leiar, men skriv i “friteksten” (under påmelding) at ein skal bytte, kven ein skal bytte med, og når.
Forventningar til deg som er vaksenleiar:
- Du er ein trygg og tydeleg vaksenperson.
- Du kjenner reglane for arrangementet og respekterer desse.
- Du kjenner deltakarane du har ansvar for (minimum ved namn, utsjånad og klubb).
- Du har oversikt over når og korleis deltakarane dine kjem til/frå arrangementet.
- Du søv i teltleiren under arrangementet.
- Du har alltid oversikt over kor deltakarane dine er.
- I ein beredskapssituasjon følger du beredskapsplan og instruks frå sikkerheitsleiar på staden.
- Du, eller ein anna representant frå din klubb, deltar på leiarsamling på fylkesleiren.
- For arrangørkomiteen er du ein viktig støttespelar og positiv ressurs.
Takk for at du stiller opp som frivillig vaksenleiar!
Kvar skal vi overnatte?

Leirområdet er rundt Kleivehallen og Kleive oppvekstsenter. Deltakarane bur i telt på gras-fotballbana rett ved hallen. Inne i hallen er det garderober, wc, dusj, leirkontor, matservering og kiosk.
Deltakarane blir delt inn i såkalla tun - små leirfellesskap der samarbeid, aktivitet og leirglede står i sentrum. Du søv i lag med andre frå din klubb, men og andre klubbar vil vere i ditt tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb).
Får vi mat?
Du får servert middag kvar dag. Resten av måltida må du ordne med sjølv. Klubben bruker å ha eit samarbeid på dette. Du får også mjølk, juice og yoghurt til frukostmåltidet.
Kiosk
Det blir kiosk i leiren, med sal av tradisjonelle kioskvarer. Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant. Betaling: Vipps, kontant og kort.
Miljøtorg
Tradisjonen tru stiller MORAL med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, MORALtoast, vafler og MORAL-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett i gang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet. Betaling: Vipps og kontant.
Årets tema for leiren er «Gøy på landet»
På laurdagen er det innmarsj og underhaldning, då oppmodar vi alle til å kle seg ut innan temaet «Gøy på landet» Kanskje dukkar det opp både ei budeie, eit gardsdyr eller eit fugleskremsel på leirområdet? Tenk kreativt! – Her er det berre fantasien som set grenser.
Det blir kåring av både beste kostyme og best pynta tun.
Volleyball og tautrekking
Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klasser; aspirant-klasse og junior/senior-klasse. Det vert kjempa om pokal i begge klasser.
Innmelding av lag til leirkontoret seinast laurdag kl. 9.00.
Påmeldinga opnar: Onsdag 22. April
Aktivitetane har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å melde deg på om du skal vere sikker på å få førstevalet ditt. Viss aktiviteten ikkje lenger kjem opp som eit val, betyr det at aktiviteten er full.
Prisar
|
Deltakar med aktivitet |
Kr.1100,- |
|
Landsleirdeltakar |
Kr. 900,- |
|
Alumn |
Kr. 600,- |
|
Vaksenleiar |
Kr. 800,- |
|
Barn utan aktivitet |
Kr. 800,- |
Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h
Korleis melder vi oss på?
- 4H medlem frå 8 år melder seg på øverst på denne nettsida (grønn knapp)
- Vaksenleiarar og arrangørar melder seg på her
- Vaksne som ikkje har medlemsnr melder seg på via formskjema her.
NB! Vaksne som er pårørande til eit 4H-medlem har medlemsnr! Spør etter medlemsnummeret på 4H kontoret. - Barn til vaksenleiarar som ikkje er medlem i 4h, eller er under 8 år melder seg på formsskjema her.
Påmeldinga til leiren er bindande! Om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan vedkommande bruke eiga reiseforsikring.
Påmeldingsfrist / avmeldingsfrist:
For deltakarar: Tysdag 26. mai
For vaksne: Mandag 1.juni.
Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbel.
- Deltakarar, frå året dei fyller 8 år, melder seg på èin aktivitet.
- Vaksne og barn under 8 år/ikkje er 4H-medlem skal ikkje melde seg på aktivitet.
1. Friluftscamp på Gamma – Aldersgrense: frå året du fyller 8 år
På friluftscamp besøker vi Klurtolla 4H sin flotte naturmøteplass og base for friluftsliv. Her er “alt håp ute”. Med bål, natur og kjekke aktivitetar finn du både ro, latter og mange nye utfordringar! Her skaper du minner, får nye opplevingar og oppdagar kor godt det er å vere ute.
Det blir ein spennande dag med aktivitetar som SUP-brett, kanopadling, mat på bål, kokegrop, og bueskyting. Det blir også moglegheit for bading frå brygga. Så ta med badetøy, håndkle og godt humør. Dette blir en super dag! Ca 10 min kjøring fra leiren.
2. Hest og gardsbesøk – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år
På garden ventar ekte opplevingar. Her veks meistring, glede og kjærleik til dyr – og minner du tar med deg lenge. I salen på ein hest kjenner du både på spenning og tillit, og kvart steg blir eit lite eventyr.
Gardsbesøk og ridning blir på den flotte garden til Miriam Fostervold. Garden er på Osmarka i nabobygda. Dette er en gard ved Fosterlågen. Ca 20 min kjøring fra leiren. Her får du sjå forskjellige dyr og selvfølgelig ri på hest. Ridinga vil foregå på eiga bane med ulike øvelsar. Det blir også moglegheit for bading og grilling på ei nydeleg strand ved Fosterlågen. Ta med grillmat, badetøy og godt humør!
3. Go kart – Aldersgrense: frå året du fyller 12 år, og minimum høgde på 150 cm
Go kart er for deg som likar fart og spenning! Det blir 2 x 10 min kjøring på kvar. Så her er det berre å gi bånn gass og sjå kven som er den raskaste sjåføren! Bana er i Malmefjorden, 30 min kjøring unna leiren. Etter Go kart blir det natursti og kubb.
4. Klatring i Høghallen - Aldersgrense: frå året du fyller 10 år
Klatring i ein 16 meter høg vegg gir eit sug av spenning frå første tak. Du utfordrar deg sjølv både fysisk og mentalt! Med fokus, mot og klatrevilje kan du nå toppen og kjenne på meistringa det gir. Aktiviteten vil lære deg sikring, klatring og teknikktrening i klatreveggen. Nivået på aktiviteten blir tilpassa etter deltakarane sine ferdigheiter og erfaring. Aktiviteten blir i Høghallen i Molde, ein flott klatrehall, med muligheter for å klatre opp til 16 meter. Ca 30 min kjøring fra leiren.
5. Paintball – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år – Eigenandel kr 300,-
Paintball er fart, spenning og samarbeid i eitt! Her gjelder det å tenke raskt, stole på laget ditt og tørre å ta sjansar. For tøffingar som likar adrenalinrush! Aktiviteten skal vere ved Romsdal paintball sitt anlegg i Årødalen. Dei stiller med alt av paintball-utstyr. Ta med hanskar og sko. Kle deg tilpassa aktiviteten. Dette blir en tøff og artig aktivitet. Ca 25 min kjøring fra leiren.
NB! Alle som deltar må signere «ansvar og samtykkeskjema» For spelarar under 18 år må ein foresatt/foreldre signere. Signert eksemplar skal sendast på e-post til 4H kontoret.
6. Høyt og Lavt (Skaret aktivitetspark) - Aldersgrense: frå året du fyller 8 år
Klatrepark med spennende aktivitetar, og mange løyper med ulike vanskelighetsgrader. Inneholder varierte løyper med flere zipliner, parken har også et stort hoppeslott. Klatreparken stiller med alt av sikkerhetsutstyr. Deltakar tar med eigne hansker og har på seg passende klede.
Ca 25 min kjøring fra leiren.
7. Moldebadet – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år. 8 år om du har med ein badande vaksen.
Moldebadet er Moldes offentlige badeanlegg og byr på kjekke vannaktivitetar for alle. Her finns blant anna to kule vannsklier, leiker i bassenget og stupebrett for dei som likar fart og spenning. I tillegg er det varmtvannsbasseng og boblebad for dei som vil slappe av litt innimellom. Barn som besøker Moldebadet utan badande vaksen må være over 10 år og svømmedyktig. Moldebadet er tilrettelagt for alle og har eigen handicap garderobe. Det er ikkje tillatt med medbrakt mat og drikke. Deltakarane må kjøpe i kiosken på Moldebadet. Ca 30 min kjøring fra leiren.
8. Frisbeegolf – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år
Ein spennande dag med frisbeegolf. Aktiviteten foregår på Skåla frisbeegolfbane ved Vågsetra barne- og ungdomsskole. Fokus på meistring, samarbeid og glede. Det vil vere ein instruktør frå klubben som forklarar regler og viser kasteteknikkar. Perfekt for både nybegynnarar og dei som har prøvd frisbeegolf før. Kle deg etter været. Moglegheiter for bading så ta gjerne med badetøy også. Ca 30 min kjøring fra leiren.
9. Kajakk – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år, og du må vere svømmedyktig
Introduksjonskurs i kajakk. Du vil få grunnleggande opplæring i bruk av kajakk og padling. Kurset fokuserar på leik, moro og læring i trygge rammer med dyktige instruktører frå Molde kajakk klubb. Kle deg etter været. Ta med badetøy og klesskift. Ca 10 min kjøring fra leiren.
10. Swing og linedance - Aldersgrense: frå året du fyller 12 år
Swingkurs og linedancekurs med instruktørar frå Møre og Romsdal Bygdeungdomslag. Dans handlar om glede, rytme og fellesskap! Enten du snurrar deg gjennom ein swing eller trør i takt på linedance-golvet, kjenner du energien og smilet som kjem heilt naturleg. Her er det plass til alle – nybegynnerar som erfarne. Kvar dans er ein sjanse til å ha det gøy, bli tryggare og skape gode minner! Dansekurset blir ved Kleivehallen.
11. Padletennis – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år
Padletennis er ein actionfylt sport som kombinerer tennis og squash. Det er fart, samspel og rein speleglede i eitt. På bana handler det ikkje berre om å vinne, men om å utfordre seg sjølv, le saman og kjenne på meistring! Ein kan spele 2 mot 2 på dobbeltbaner, eller 1 mot 1 på singelbane. Vi har 4 doble baner og 1 singelbane. Ca 25 min kjøring frå leiren.
12. Bowling og minigolf – Aldersgrense: frå året du fyller 10 år
Kjekke aktivitetar og god stemning på Molde Bowlinghall! Denne aktiviteten inneheld 2 rundar med bowling, og 1 runde minigolf. Perfekt for å ha deg gøy i eit sosialt fellesskap. Ps. Kun lov med vannflaske som medbrakt drikke. Evt annen drikke må kjøpes der. Ca 25 min kjøring fra leiren.
13. Kreativt verksted med Milla – Aldersgrense 10 år – Eigenandel kr 300
Bli sjokolademester og designer for ein dag! No har du sjansen! Saman med Milla - utdanna kokk og sjokoladier - inviterast du til ein kreativ og supergøy dag full av smak, fantasi og kreativitet! Vi skal dyppe deilige sjokoladepinner fylt med karamell i silkemjuk, temperert sjokolade - akkurat som proffane gjer! Deretter baker vi muffins som vi pynter med vår eigen heimelaga sjokoladepynt. Her får du virkeleg sleppe kreativiteten laus! Mens vi venter på at sjokoladen setter seg, opner vi døra til eit kreativt designunivers. Her får du lage armeband og nøkkelringer med eit enormt utvalg av perler - alt blir heilt unikt, akkurat som deg. Alt du lager får du ha med deg heim. Ein flott aktivitet som får kreativiteten til å blomstre. Det er gåavstand frå leirområdet.
![]()
14. Skyting med Kleive Skytterlag – Aldersgrense 10 år - Egenandel kr 300
Skyting handlar om ro, fokus og presisjon. I det augeblikket du tek sikte, stansar verda litt opp – og alt handlar om kontroll, pust og tru på eigne ferdigheiter. Kvart treff er eit bevis på innsats og konsentrasjon, og ei påminning om at meistring kjem når du gir ditt beste. Du vil få opplæring og veiledning frå flinke instruktørar. Skytinga vil foregå på utendørsbana til Kleive Skytterlag. Der skal det skytast på elektroniske skiver med rifle 22. Kaliber. Ca 10 min kjøyring frå leiren.
15. Volleyball – Aldersgrense: frå året du fyller 12år
Volleyball er lagspel, energi og samhald. Her løfter ein kvarandre fram, og kjemper og jubler saman for kvart poeng! På kursdagen vil du få tips og veiledning frå dyktige instruktørar. Du får trene på ulike slagteknikkar innan volleyball, som for eksempel fingerslag, serve, smash og baggerslag. Det vil også bli lagt opp til kamptrening der deltakarane vil få spele med og mot kvarandre. Aktiviteten foregår inne i hall.
NB! Ha med innesko. Kurset blir i gåavstand til leiren.
16. ALARMEN GÅR! med Norsk Folkehjelp – Aldersgrense: frå året du fyller 14 år
Dette blir ein actionfylt, spennande og lærerik aktivitet! 4H får trene saman med Norsk Folkehjelp på ein øvelse så nær virkeligheita som mogleg. Når ALARMEN GÅR så er det i gong! Deltakarane får blant anna vere markørar, delta på leiteaksjonar og lære om førstehjelp. Du får sjå alt utstyr som folkehjelpa har til rådighet på sine oppdrag. Det vil blant anna bli bruk av droner og ATV. Det vil bli ein teoretisk del og ein praktisk del. Aktiviteten vil gi deg eit godt innblikk i kva folkehjelpas medlemmar kan oppleve. Kjempetøff aktivitet! Alle deltakere får diplom/ deltakerbevis.
17. Kunst i naturen – Aldersgrense: frå året du fyller 8 - 11 år
På aktiviteten får kreativiteten blomstre! Her skal du få gå på “skattejakt” og finne ting i skogen, eller i fjøra. Ting som kan bli eit flott bilete, eit skummelt troll, eller ein magisk portal. Berre fantasien sett grenser! "Skattejakta" skal foregå ute, så kle deg etter været. Etterpå "skattejakta" får du gå inn og lage spennande kreasjonar av det du har funnet. Bli med på ein spennande, kreativ og aktiv dag!
18. Moro med MORAL – Aldersgrense: frå året du fyller 18 år (2008)
Er du alumn eller siste årssenior? Bli med MORAL på tidenes vannleik! Vi inviterer til en aktiv og morosam dag med vatn i fokus! Det blir leik, utfordringar og små, våte overraskelser undervegs – både på land og i vann. Vi setter også av god tid til avslapping, sosialt samvær og mat. Ta med godt humør og klede som tåler vatn.
Fredag 26. juni:
|
Frå kl. 15.00 |
Leirområdet opnar for registrering og leirbygging |
|
18.30 |
Servering av varmt måltid |
|
20.00 |
Opning (Bli kjent) |
|
21.00 |
Vi viser VM kampen, Norge - Frankrike! |
|
22.00 |
Leiarsamling |
|
22.00 |
Miljøtorget opnar |
|
24.00 |
Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2015 og seinare |
|
01.00 |
Miljøtorget stenger |
Lørdag 27. juni:
|
08.00 |
Vekking - Frukost |
|
09.00 |
Flaggheising - Morgonsamling - |
|
09.30 - 15.00 |
Aktivitetsdag |
|
16.00 |
Middag |
|
17.00 - 18.30 |
Volleyballkampane startar |
|
19.00 |
Innmarsj og underhaldning - Tema: «Gøy på landet» |
|
21.00 |
Kveldsmat |
|
22.00 |
Leiarsamling |
|
24.00 |
Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2015 og seinare |
|
03.00 |
Miljøtorget stenger |
Søndag 28.juni:
|
08.00 |
Vekking - Frukost |
|
09.00 |
Flaggheising - Morgonsamling - Tautrekking (med finalar) |
|
10.30 |
Volleyballkamper fortsetter |
|
11.15 |
Volleyballfinalar + showkamp mot MORAL |
|
13.00 |
Rydding og pakking |
|
14.00 |
Premieutdeling og avslutning |
|
14.30 |
Servering av varmt måltid – Vel heim! |
- Telt, plast og presenning
- Sovepose og liggeunderlag
- Regnklede, gode sko og støvlar
- Varme klede
- Lette klede
- Badeklede
- Handklede
- Toalettsaker
- Tallerken og bestikk til middag
Ps. På leiren blir det vaskestasjon med varmt vatn. Vi oppfordrar alle til å tenke miljø og minimere bruk av engangsbestikk/fat/koppar. - Mat til brødmåltida
- Matboks og drikkeflaske til lunsj
- Enkelt førstehjelpsutstyr
- Nødvendig medisin
- Solkrem og myggmiddel
- Ladder
- Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i
- Kontantar til kiosk for dei som ikkje har vipps
- Utkledning til “gøy på landet” og pynt til tunet
- Bord og stolar (organiser i klubben)
- Partytelt?
- Sovemaske og ørepropper?
Ved spørsmål ta kontakt med kontoret:
E-post: linda.bjordal@4h.no eller tlf. 96096779
Vi sett stor pris på all støtte! Takk til:
Sparebanken Møre for tildeling av TEFT-midlar

Møre og Romsdal fylkeskommune for tilskot

