Skal du vere med på fylkesleir som vaksenleiar eller har med barn under 4H-alder? Då er du på riktig plass. Her har du to ulike måtar å melde deg inn. 

Med medlemsnummer: Klikk på "påmelding" om meld deg inn på vanleg måte, så kjem du rett inn i systemet. Er du registrert som pårørande HAR du medlemsnummer, dette finn du ved å enten:


- logge inn med ditt barn sitt nr, gå til "min side" vel "pårørande" trykk der etter på "velg" ved ditt namn så kjem du til informasjonen registrert på deg. Her finn du både medlemsnr. og mailadressa, viktig at den og er rett.  
- be ein klubbrådgjevar (eller nokon i styret) om å finne det. 
Klubbrådgjevar finn det ved å gå til medlemsregisteret, inn på eigen klubb vel "Tilknyttede", finn det aktuelle medlemet går inn på det ved å klikke på medlemsnr. vel så "Tilknyttninge". Der vil du finne pårørande, søsken og klubb. Det er lurt å sjekke at det er rett e-postadresse registrert på den pårørande. 
- be kontoret om å finne det til deg: moreogromsdal@4h.no

Fyste gang du logger deg inn skriv du inn medlemsnr. og trykker på "glemt passord", då vil eit passord bli sendt til deg på mail og du kan endre dette når du har logga inn. 

Utan medlemsnummer: Om det er med vaksne som ikkje har medlemsnummer, eller yngre barn til leiarar, som ikkje er med i 4H – skal dei meldast på via Formsskjemaet som ligg til høgre på sida her.  Vi vil då manuelt legge deg inn på deltakarlista. 

Obs: Fint om leiar og barn under 4H-alder kan skrive namn på aktivitet som dei ønskjer å delta på - vi fyller opp plassane på aktivitetane om det er ledig kapasitet. 

Alle leiarar får tilsendt faktura, denne må betalast før leiren startar(det er vanleg at klubben betalar for leiarar). Påmeldingsfristen er 11. juni for medlemar og 14. juni for vaksne. Fristane er endelege!! Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbelt uansett grunn.  

Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom må vedkommande vise legeerklæring. Dette fordi vi etter den datoen bestiller mat og aktivitetar.  

Pris: Deltakaravgift: kr. 1000,-  

Leiar: kr. 650,-  

Nordiskleirdeltakar/alumn: kr. 500,-  

Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 650,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet)  


Deltakarstøtte: Vi minner om at det er mogleg å søke 4H om deltakerstøtte.

Påmeldingsfrist for vaksneleiarar 14. juni 
 

Meir informasjon om Fylkesleir  
(samt påmelding for deltakarar, alumn og nordisk leirdeltakar)