- Arrangør: 4H Møre og Romsdal
- Gjermundnes VG skule
- (heldags)
Leir
Årets fylkesleir blir på Gjermundsnes vidaregåande skule og går av stabelen torsdag 29. juni, då braka det laust og eg håper du er klar for 3 nettet i telt.
FYLKESLEIR GJERMUNDNES 2023
Her blir det fire dagar med spannande aktivitetar, tevlingar, leik og mykje sosialt samvær. Du treff igjen gamle 4H-vener, og får nye venner frå heile fylket.
På leir med 4H skal du sove i telt på gras. Du søv i lag med andre i din klubb, men og andre klubbar vil vere i ditt tun. Du får servert middag men dei andre måltida må du ordne sjølv (Din klubb bruker å ha eit samarbeid på dette. ) Mjølk og yoghurt får du til brødmåltid. Alle som er medlem i 4H kan vere med, men foreldre og søsken kan og melde seg på så du kan ta med deg nokon du kjenner.
Påmeldinga opnar 27.april. Enkelte aktivitetar har avgrensa med plassar, så ikkje vent med å melde deg på om du skal vere sikker på å få førstevalet ditt.
Vidare finn du informasjon om:
- Leirsjef
- Tema: Fargerik
- Volleyball
- Tautrekking
- Kiosk og miljøtorg
- Tun og tuninndeling
- Hugseliste
- Program
- #Aktivitetar
Leirsjef
Årets leirsjef er Ragnhild S. Bjørkedal, ho er fylkesstyreleiar.
Om de har spørsmål som de ikkje finn svar på i denne e-posten eller i invitasjonen, ta kontakt med Ragnhild, tlf. 47640341 eller leiar-moreogromsdal@4h.no
Tema for årets leir er FARGERIK
På laurdagskvelden kler vi oss ut etter temaet FARGERIK! Leit i skapet og bruk fantasien.
Vi oppfordrar alle til å kle seg ut, store og små. Dersom nokon vil bidra med underhaldning, kan ein gi beskjed om dette under leiarsamlinga fredagskvelden.
Det blir også kåringar av kostyme i div. kategoriar, og sjølvsagt premiering.
Vi oppfordrar til at de tenker FARGERIK når de planlegg tuna også.
Praktisk informasjon:
Volleyball
- Det blir 2 klassar som før, ei for aspirantar og ei for junior/senior
- Turneringa blir spelt ute, ha med kle og sko til dette.
På volleyballturneringa skal det vere 6 stk på kvart lag, det er lov å ha med innbytarar. Det er mogleg å blande laget, ha spelarar frå fleire klubbar dersom klubben sjølv ikkje har nok spelarar til å danne eit lag. Den blandinga må de ordne sjølv – har de ikkje fullt lag så ta kontakt med dei andre i tunet. Samansette lag skal ha eige namn.
Påmeldinga av lag skal skje seinast torsdag kl. 23.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fult namn og alder på deltakarar. Skjema får de på leirkontoret.
Tautrekking
- Laget sine deltakarar skal til saman ha ein alder på maks 120 år
(Dvs. f.eks 10 stk på 12 år eller 2 stk på 60år)
Alderen som teller er den alderen du fyller i år.
Påmeldinga av lag skal skje seinast torsdag kl. 23.00. Det skal meldast på berre heile lag, med fult namn og alder på deltakarar. Skjema får de på leirkontoret.
Tun og tuninndeling
Vi skal sjølvsagt dele leirområdet inn i tun. Tunet består som regel av fleire klubbar, men alle i same klubb får bu i same tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb).
TUN 1 |
Hustadvika 4H Lynet 4H Myrvåg 4H Regnbuen 4H Vårsøg 4H |
TUN 2 |
Fjellrosa 4H Fossekallen 4H Mulevika 4H Straumen 4H Tareholmen 4H Villmarksgjengen 4H |
TUN 3 |
Elvablikk 4H Fjellflora 4H Freidig 4H Grimstadhøgda 4H Ruggå 4H Vågbø 4H Vårbrus 4H |
TUN 4 |
Klurtolla 4H |
TUN 5 |
Kråkefot 4H Liljen 4H Moral Skåla 4H Vårsol 4H Ørn 4H |
Kiosk
Det blir kiosk i leiren, med sal av frukt og grønt i tillegg til dei tradisjonelle kiosk-varene. Dersom det er behov for kjøp av brød, må de gi beskjed om dette i forkant.
Miljøtorg
Tradisjonen tru stiller Moral med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, moraltoast, vaflar og moral-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett igang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet.
I kiosken og miljøtorget blir det mogleg å betale med kontantar eller VIPPS (men ikkje for born under 15år).
Avmelding og betlaing
Medlemskontingenten må vere betalt, dette er kjempeviktig med tanke på at forsikringa skal vere i orden.
Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – må leirkontingenten betalast likevel. Dette fordi vi etter den datoen bestilte mat og aktivitetar.
Faktura til dei leiarane som ikkje betalte ved påmelding blir sendt over helga, den MÅ betalast innan fristen (må vere betalt før leiren).
Pris:
Deltakaravgift: kr.1000,-
Leiar: kr.650,-
Nordiskleirdeltakar/alumn: kr.500,-
Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 650,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet på arrangementet: Fylkesleir Gjermundnes 2023, leiar.
Deltakarstøtte: Vi minner om at det er mogleg å søke 4H om deltakerstøtte.
Hugseliste
• Telt (og plast/presenning) bord, stolar (organiser i klubben)
• Sovepose og liggeunderlag
• Regnkler, gode sko og støvlar
• Varme kler
• Lette kler
• Toalettsaker
• Tallerken og bestikk til middag
• Mat til brødmåltida
• Matboks og drikkeflaske til lunsj
• Enkelt førstehjelpsutstyr
• Nødvendig medisin
• Solkrem og myggmiddel
• Ladar til mobil eller liknande.
• Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i.
• Lommepengar til bruk i kiosk og miljøtorg, begge har og vipps (men ikkje for dei under 15år)
Program
Torsdag 29. juni:
Frå kl 15.00 Frammøte og leirbygging
19.00 Servering av varmt måltid
20.30 Opning
22.00 Leiarsamling
22.00 Miljøtorget opnar
24.00 Ro i leiren-aspirantane finn soveposen, fødd i 2012
01.00 Miljøtorget stenger
Fredag 30. juni:
08.00 Vekking - Frukost
09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl.
09.30 - Aktivitetsdag
15.00 Lunsjpause når det passar
16.00 Middag
17.00 Volleyballkampane startar
19.00 Kveldsmat
20.30 Underhaldning
22.00 Leiarsamling
22.30 Samling for seniorar/alumnar
24.00 Ro i leiren
01.00 Miljøtorget stenger
Laurdag 1. juli:
08.00 Vekking - Frukost
09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl
09.30 Volleyball
Samtidig med volleyballkampane vil det føregå mange andre aktivitetar for dei som ikkje spelar eller er med på lag.
12.00 Lunsj
13.00 Volleyballkampar
16.00 Middag Samling for Nordiskleir deltakarar i Miljøtorget
17.00 Volleyballkampar med finalar
Tautrekking med finale
19.00 Kveldsmat
20.00 Underhaldning - FARGERIK
22.00 Miljøtorget opnar
22.00 Leiarsamling
24.00 Ro i leiren.
03.00 Miljøtorget stenger
Søndag 2.juli:
08.00 Vekking. Frukost
09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl.
09.30 Klubbstafett
12.00 Rydding
13.00 Premieutdeling. Avslutning
13.30 Middag – Vel heim!
Aktivitetar
- Volleyball: Treningskle og gode sko, denne aktivitete vil vere ute.
- Klatring: Har du klatresele og/eller klatresko ta dei med, vi leiger til dei som ikkje har.
- Kajakk: Vasstett pose til mobil, kamera, mm. Ha med skift og varme kle til når de er på land. Ull under er fint og ha med sokkar til å ha på under padlinga. Har du våtdrakt så ta den med, de andre vil få moglegheit til å låne dette.
- Moro med Moral denne aktivitet blir som gitt uttrykk for, men i Molde i staden.
-
Sveising – Aldersgrense 12 år
På verkstaden på Gjermundnes får du ei innføring i sveising. Du vil få lærer å kappe med stålsag, bore hull, bøye stål, og sveise saman delar
-
Hest - Eigenandel 200kr
Likar du hest og har ein draum om å prøve deg på hesteryggen? På dette kurset skal du få møte hestar og lære om korleis du er i møte med hest. Du vil få børste og stelle hest og prøve å ri.
-
Klatring - Eigenandel 200kr
Norsk Tindesenter på Åndalsnes invitera til ein morosam og utfordrande dag med klatring, buldring, tindemuseum, utstillingar og film på programmet.
-
Motorsag - Aldersgrense 15 år
Er du nysgjerrig? Lyst til å lære deg å bruke motorsag? Dette er eit dagskurs som vil gi deg kunnskap om korleis du skal bruke ei motorsag, lære om sikkerheit, ulike teknikkar for saging og så vil du få prøve deg ute med motorsag.
(Du treng ikkje å ha med deg noko ekstra for denne aktiviteten, du vil få låne utstyr.)
-
Lage snorer
Lyst til å utfordre kreativiteten din? Har du lyst å lage snorer og armband med ulike teknikkar? Vestnes husflidslag vil lære deg å bruke kumihimobrett, slyngestokkar og snordreiar. Du kan lage armband, hoppetau og andre ting av snorer og band, og du kan lære meir om tradisjonshandverk.
-
Volleyball - Aldersgrense 12 år
Lyst til å lære, øve, bli betre og spele volleyball? Då er dette aktiviteten for deg. Saman med andre vil du få opplæring i slag, teknikk og sørv, øve på dette og spele volleyball saman. Her får du både lære, øve, vere sosialt og spele saman, kanskje vaknar konkurranseinstinktet ditt og?
-
Miniatyrskyting
Skyting med 22 cal. - 100 M. Dagen startar med sikkerheitsopplæring og det vil bli en del skyting etter det på Tresfjord Skytebane. Gruppa blir delt i to, med venteaktivitetar.
-
Vikingleir
Lurer du på korleis vikingane levde? Då er dette kurset for deg! Her får du innblikk i vikingtida. Du lærer om mat, aktivitetar og får sjå ulike våpen og anna vikingutstyr. Vi skal og lære mange “vikingleikar”, for vikingane var ikkje dette leik, men måten dei trente seg opp til å bli gode krigarar.
-
Lær deg yoga.
Denne dagen har du ei unik moglegheit til å lære deg yoga. Vi skal teste ut forskjellege former for yoga og lære litt om meditasjon og pust. Ingrid har over 15 års erfaring med å undervise i yoga. Til dagleg driver hun Romsdal yoga og jobbar også som danselærar. Timane til Ingrid er morosame, leikne og full av liv. Alle aldra er hjarteleg velkommen til å delta. Kom som du er, yoga passer for absolutt alle! Pst: Vi legger inn naturlege pausar i løpet av dagen.
-
Swing og linedance – Aldersgrense 12år
Har du lyst til å lære korleis du kan danse swing eller prøve deg på linedance? Her får du begge deler i eit kurs. Kanskje noko du kan ta med deg vidare på nordiskleir.
-
Via ferrata - Romsdalsstigen – Aldersgrense 12år - Eigenandel 600kr
Via ferrata er italiensk for "jernveg" og er ein tilrettelagt klatreløype. Med trygg sikring til fjellet kan du utfordre deg sjølv ved å klatre opp fjellveggen utan å ver ein fjellklatrar. Medan du går, forflytter du ein og ein karabinkrok oppover langs stålwiren som er festa til fjellet.
Her krevst det ingen forkunnskapar frå klatring, men du må ver i normalt god fysisk form. Sjølve turen tek omlag 3-4 timer.
Vektgrense på min. 40 kg og maks. 120 kg grunna kapasiteten til sikringsutstyret.
-
Padling og SUP - Aldersgrense 12år - Eigenandel 200kr - FULLT
Her vil du få lære deg å padle kajakk og prøve deg på Sup. Aktiviteten blir to delt med ei gruppe ut på vatnet, padling og Sup, og ei gruppe på land med ulike lettare aktivitetar. Gruppene vil så bytte på undervegs.
-
Matlaging
Saman med driftige damer frå Eidsbygda bygdekvinnelag inviterast matglade unge til Tradisjonsmat-kurs. Her blir det laga lunsj og foreløpig meny er Hamburger med heimelaga hamburgerbrød og «någgo» attåt. Det vert også forsøkt å varme opp takka, slik at vi kan steike sveler. … og ikkje nok med det, kanskje vi også får laga en «liten» dessert.
Dette blir spennande og Eidsbygda Bygdekvinnelag, ser frem til å få en matglad gruppe på kurs.
-
Kampsport - Eigenandel 100kr
Syns du at kampsport er spennande og vil prøve deg på denne sporten må du melde deg på dette. Leif T. Røbekk frå Molde kampsport har 40 års erfaring og vil gje deg innføring i kampsport og sjølvforsvar.
-
Moro med Moral – Aldersgrense 17 år
Er du alumn eller siste årssenior? Då er dette aktiviteten for deg, der du får ha det kjekt med 4H-arar på same alder. Vi tar turen til Ålesund og escape room er foreløpig planen. Konseptet går ut på at vi blir låst inne i eit spesialbygd rom gjemt med ledetråder, koder og gåter, som vi må samarbeide om å løyse innan ein gitt tidsfrist. Uansett garanterer vi god stemning og mykje sosialt.