- Arrangør:
- Gjermundnes vg skule
- (heldags)

Leir
Leiren skal vere på Gjermundnes vg skule, i Vestnes kommune. Her blir det fire dagar med spannande aktivitetar, tevlingar, leik og mykje sosialt samvær.
Tema for årets leir er friluftsliv! 🌲🏕️🎣
I samband med at 2025 er friluftslivet sitt år ønsker vi å markere dette ekstra under årets fylkesleir og har valt friluftsliv som tema. Det er berre å vere kreativ. Vi ønsker at alle pyntar tuna sine, dette vil lønne seg for det finaste og ryddigaste tunet vil bli kåra. Laurdagskvelden kler alle seg opp etter tema, vi går saman i innmarsj og det vil vere mogleg å vinne premiar for ymse kategoriar.
Innhaldsliste
Årets aktivitetar
Påmelding/avmelding og prisar
Praktisk info
Lurt å ta med
Spørsmål og svar
Program
Leirreglar
Spørsmål?
Årets aktivitetar
Nytt i år er att LAURDAG er aktivitetsdagen!
Du skal berre velje ein aktivitet. Dersom det blir fullt på ditt ynskje får du beskjed med ein gong og du kan velje på nytt.
Aktivitet | Aldersgrense | Plassar | Beskrivelse av aktivitet |
---|---|---|---|
Hest | 10 | 20 | Likar du hest og har ein draum om å prøve deg på hesteryggen? På dette kurset skal du få møte hestar og lære om korleis du er i møte med hest. Du vil få børste og stelle hest og prøve å ri. |
Volleyball | 12 | 24 | På kursdagen vil du få hjelp og veiledning frå dyktige instruktørar og du får trene på ulike slagteknikkar innan volleyball, til dømes fingerslag, serve, smash og baggerslag. Det vil også verte lagt opp til kamptrening der deltakerane vil få spele med og mot kvarandre. |
Vikingleir | Alle | 12 | Lurer du på korleis vikingane levde? Då er dette kurset for deg! Her får du innblikk i vikingtida. Du lærer om mat, aktivitetar og får sjå ulike våpen og anna vikingutstyr. Lag armband på «vikingvis» Vi skal og lære mange “vikingleikar”, for vikingane var ikkje dette leik, men måten dei trente seg opp til å bli gode krigarar. |
Sveising | 12 | 12 | På verkstaden på Gjermundnes får du ei innføring i sveising. Du vil få lærer å kappe med stålsag, bore hull, bøye stål, og sveise saman delar. |
Klatring | Alle | 12 | I klatreveggen finner du ca 60 ulike klatreruter av ulik vanskelegheitsgrad fordelt på 20 toppfester. Storveggen er super for klatring på led, men har også èin automatisk nedfirer. På galleriet er det fire automatiske nedfirere på ein 11 meter høg vertikal vegg. For deg som vil trene teknikk og styrke eller prøve klatring utan tau, er buldreveggen eit perfekt alternativ. |
Via Ferrata (eigenandel 500,-) | 12 | 24 | Introveggen – Turen passar perfekt til deltakarar som vil prøve Via Ferrata kanskje for første gong. Her krevast ingen forkunnskap frå klatring, men du må vere i normalt god fysisk form. |
Friluftsliv | Alle | 15 | Med fokus på friluftsliv og friluftslivets år! |
Kajakk | 12 | 18 | Her vil du få lære deg å padle kajakk og prøve deg på Sup. Aktiviteten blir to delt med ei gruppe ut på vatnet, padling og Sup, og ei gruppe på land med ulike lettare aktivitetar. Gruppene vil så bytte på undervegs. |
Kampsport | Alle | 15 | MMA er en blanding av ulike kampsporter som kickboksing, Muay Thai og Brazilian jujitsu. Her vil du lære det grunnleggande i dei ulike greinene, og vi vil bruke leik og ulike øvelsar for at det skal vere kjekt og lærerikt. Linus skal ha kurset og har vore instruktør for barn og voksne på Mudo gym, han har ein 1. plass i norgescup i kickboksing. |
Dans | Alle | 15 | På dette kurset får du lære ulike typer dans: • Hip-hop er energisk og rytmisk, og passer både for nybegynnere og de med litt erfaring.• Jazz og plastikk handler mer om bevegelser, uttrykk og kroppsbeherskelse. • Akrobatikk krever litt fysisk innsats, men er gøy og passer for alle. Vi gjør enkle, trygge elementer som er helt sikre. |
Moro med Moral | Siste års senior | 15 | Bli med på en dag sammen med MORAL når vi drar til Eggen i Åndalsnes! For de som ønsker å utfordre seg selv, legger vi til rette for en gåtur opp stien via rampestreken. Dersom du heller vil ta det litt roligere, kan du ta gondolen og nyte den spektakulære utsikten uten anstrengelse. Aktiviteten er for siste års senior og alumner. |
Fotball | Alle | 20 | Alexander Connor har trenarutdanning og har trent herrelag, kretslag og akademilag. På fotballaktivteten vil det vere ulike øvelsar, leik og fotballglede. Det blir også ein del speling på passande bane. Dette er aktiviteten om du likar fotball og har lyst å lære meir om denne idretten. |
Spikking og treskjæring | 14 | 10 | No har du sjansen til å få lage dine heilt eigne figurar eller smykker i tre! Du får ferdig utskårne treemne som du skal spikke og pusse ved hjelp av ein veldig dyktig håndtverkar og kunstnar. Med litt tålmod og kreativitet kan du på denne aktiviteten lage og ta med deg ditt heilt eigne kunstverk heim. Denne aktiviteten er frå 14 år og oppover og har kun plass til 10 stk, så her er det berre å melde seg på! |
Måling med sjablongar | 11 | 15 | Vi jobber med sjablonger der vi tar utgangspunkt i fugler eller dyr.Vi vil kombinere en teknikk som er knyttet til street-art med motiver hentet fra naturen. Vi tegner og skjærer ut sjablonger og bruker maling som påføres med svamp. Motivene kan overføres på papir, tre og andre materialer. |
Upcycling smykkekurs | Alle | 6 | Upcycling smykkekurs: her tar vi utgangspunkt i verdilaust materiale ( i metall, tre og plast, papp) . Det kan vere blikkboksar, korkar, brusboksar, found objects, ståltråd, drivved, avkapp osv. Vi ser på korleis dei ulike objektene kan brukast på nye måtar heilt eller delvis gjennom å lage en smykkekomposisjon av fleire delar. Det blir litt som en collage kor fleire delar utgjer ei heilheit. En tom boks leverpostei kan bli til ei sølje, en drivvedplanke + kjetting + et hjul kan bli til et skulpturelt halssmykke. Ved å bearbeide verdilaust materiale og gje det ein ny kontekst vil det som tidligare var søppel få en ny verdi. Det er dette som er upcycling. Vi bruker grunnleggjande gullsmedteknikkar og verktøy. De vil lære å bruke tenger, uthull og knoppsett, nitting, saging og eventuelt hardlodding. |
Påmelding/avmelding og pris
Vaksne og barn under 4H aldrer(barn til vaksenleiarar som er for ung til å ver medlem i 4H) skal melde seg på via ei eiga påmelding.
Dei vaksne skal ikkje velje aktivitet, dette for å ikkje ta opp plassane til medlemmane. Vi vil plassere vaksne på aktivitetar etter behov – har du spesielle ynske kan du føre det på i fritekstfeltet ved påmelding.
Påmeldingsfristen er 30. mai for medlemar og 5. juni for vaksne. Fristane er endelege!!
Skulle nokon likevel ha ein så god grunn at dei får melde seg på etter fristen er gått ut, er prisen dobbelt uansett grunn.
Ei lita presisering, påmeldinga til leiren er bindande, så om nokon vel å melde seg av etter at påmeldingsfristen er gått ut – blir ikkje leiravgifta refundert. Er det pga sjukdom kan vedkommande bruke eiga reiseforsikring. Dette fordi vi etter den datoen bestiller mat og aktivitetar.
Pris:
- Deltakaravgift: kr. 1400
- Nordiskleirdeltakar: kr. 1200
- Alumn: kr.600
- Leiar : kr. 1000
Alle medlemmar betalar ved påmelding.
Barn til leiarar under 4H-alder, og som IKKJE skal delta på aktivitetar: kr. 1000,-(Ved påmelding melder ein desse på via Formsskjemaet på heimesida)
Deltakarstøtte: Vi minner om at det er mogleg å søke 4H om deltakerstøtte. No er det dessverre tomt for 2025.
Praktisk info
Turneringar
Det blir turnering i både volleyball og tautrekking. I volleyball er det to klassar; aspirant-klasse og junior/senior-klassar, med premiar i begge klassar. Nytt av året så begynner vi fredag med tautrekking før vi fortsette med volleyballturneringa, dette betyr at påmeldinga av lag på skje torsdagskvelden.
Tun
Vi skal sjølvsagt dele leirområdet inn i tun. Tunet består som regel av fleire klubbar, men alle i same klubb får bu i same tun. Det blir sendt ut info om kven som skal bu i lag før leiren, om de ynskjer å samarbeide om noko. Ynskjer du noko å sitte på i ditt tun og eventuelt eit bord til frukosten så må de ha med dette sjølv (tips, organiser dette saman med eigen klubb).
Kiosk
Ønsker du å ha kiosk under årets leir ta kontakt snarast med leirsjef Ragnhild, tlf. 47640341.
Miljøtorg
Tradisjonen tru stiller Moral med miljøtorg. Her blir det sal av diverse drikkevarer, moraltoast, vaflar og moral-is. Miljøtorget er ein samlingsplass for mykje sosial aktivitet, kos, spel, musikk og anna moro. Følg med i løpet av leiren for plutseleg blir det sett igang ein leik, dans, quiz eller anna morosam aktivitet.
I kiosken og miljøtorget blir det mogleg å betale med kontantar eller VIPPS.
Vaksenleiar
Skal du vere vaksenleiar? Skal du medbringe born under 4H alder(barn til vaksenleiar som er for ung til å ver medlem)? Eller er du arrangør? Så skal du melde deg på her, arrangementet heiter Fylkesleir 2025 - vaksenleiar.
Det bør vere ein vaksen leiar pr. 10 barn. Har de problem med å finne nokon som vil vere med, så går det an å avtale med ein naboklubb(då må vi få beskjed om det). Vaksne kan og dele opphaldet (første halvparten- andre halvparten, meld i så fall på berre på ein leiar og gi beskjed til leirkontoret ved bytte). Leiarane melder seg på i eige arrangement på heimesida med litt seinare frist enn for medlemmane, så de veit kor mange deltakarar som vil reise.
Om det er med vaksne som ikkje har medlemsnummer, eller yngre barn til leiarar, som ikkje er med i 4H – skal dei meldast på via Formsskjemaet som ligg på heimesida. Er du registrert som pårørande har du medlemsnummer(be nokon i styre i klubben, eller kontoret om å finne det til deg). Alle leiarar får tilsendt faktura, denne må betalast før leiren startar(det er vanleg at klubben betalar for leiarar).
Meny og allergiar
Meld i frå om reelle og relevante matallergi og matintoleranse, sjå menyen under. Vi treng beskjed om allergiar relevant for middagane. Det viktig at du melder dine allergiar til din leiar, altså den vaksne personen ( kan vere klubbrådgjevar og/eller foreldre) som er med klubben på fylkesleir og som er ansvarleg for deg (deltakrane) og brødmåltida i løp av leiren.
- Torsdag: Lapskaus
- Fredag: Pølse og potetmos, ink salat
- Laurdag: Kjøttboller i tomatsaus, med pasta/ris, ink salat
- Søndag: Hamburger, ink salat
Siste info
Etter påmeldingsfristen vil alle som er påmeldt mota eit informasjonsskriv med meir detaljert informasjon om leiren, pakkeliste for aktivitetar og anna relevant.
Samtykke til aktivitet
Meir info kjem
Lurt å ta med
- Telt (og plast/presenning) bord, stolar – anbefala å organisere klubben
- Sovepose og liggeunderlag
- Regnkler, gode sko og støvlar
- Varme kler
- Lette kler
- Toalettsaker
- Tallerken og bestikk til middag
- Mat til brødmåltida
- Matboks og drikkeflaske til lunsj
- Enkelt førstehjelpsutstyr
- Nødvendig medisin
- Solkrem og myggmiddel
- Liten sekk, til lunsjmat og til å ha verdisaker i.
Spørsmål og svar
Meir info kjem
Program
Torsdag 26. juni:
Frå kl. 17.00 Frammøte og leirbygging
19.00 Servering av varmt måltid
20.30 Opning
22.00 Leiarsamling
22.00 Miljøtorget opnar
24.00 Ro i leiren- aspirantane finn soveposen, fødd i 2014 og seinare
01.00 Miljøtorget stenger
Fredag 27. juni:
08.00 Vekking - Frukost
09.00 Morgonsamling. Flaggheising. Premiering av dagens morgonfugl
Tautrekking (med finalar)
09.45 Volleyball
Samtidig med volleyballkampane vil det foregå mange andre aktivitetar for dei som ikkje spelar eller er med på lag.
12.00 Lunsj
13.00 Volleyballkampar
15.30 Middag
16.30 Open dag opnar!
17.30 Volleyball – finalar
19.00 Open dag ferdig
19.15 Kveldsmat
20.30 Felles aktivitet
22.00 Miljøtorget opnar
22.00 Leiarsamling
24.00 Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2014 og seinare
01.00 Miljøtorget stenger
Laurdag 28. juni:
08.00 Vekking - Frukost
09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl.
09.30-15.00 Aktivitetsdag
Lunsjpause når det passar
16.00 Middag
Samling for Nordisk leir-deltakarar i Miljøtorget
18.00 Innmarsj
Fellesaktivitet
20.00 Kveldsmat
22.00 Leiarsamling
22.30 Siste åre senior- og alumnsamling
24.00 Ro i leiren - aspirantane finn soveposen, fødd i 2014 og seinare
03.00 Miljøtorget stenger
Søndag 29.juni:
08.00 Vekking. Frukost
09.00 Flaggheising. Morgonsamling. Premiering av dagens morgonfugl.
Aktivitetane søndag - blir lansert seinare
12.00 Rydding og pakking
13.00 Premieutdeling. Avslutning
13.30 Lunsj – Vel heim!
Leirreglar
Brudd på reglar kan medføre heimsending på eiga regning.
Spørsmål?
Kontakt:
Leirsjef - Ragnhild Synnøve Bjørkedal - tlf. 47640341
Kontoret - Amalie Vie Jakobsgaard - tlf. 96096782 eller mail moreogromsdal@4h.no