Her blir ein kjent med nye folk, får tid til å prate, le og glede seg saman før ein kjem fram. Stemninga byggjer seg opp undervegs, og det er lettare å sleppe skuldrene ned når ein veit at ein reiser som ei trygg og samla gruppe. Så vi håper 24 timar går fort i godt selskap.

Kort sagt: på fellesreisa byrjar leiren – lenge før ein er framme!!

ALLE som skal på leir frå 4H Møre og Romsdal må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Dette fordi alle må ver med å betale for frakt av fellesutstyr og administrasjon.  

Det skal vere plass på bussen slik at deltakarane kan ha med det dei treng for å bo ute ei veke, men tenk smart når de pakkar.  

Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H M&R. Er det fullt må du ordne reisa sjølv - så her er det viktig å ver tidleg ute.  

Reiserute:

Planen er avreise frå Grodås søndag 5. juli kl. 10.00 Og retur frå Sortland seint 11.07., eller over midnatt 12. Her kjem vi tilbake med meir informasjon.  

Husk å krysse av for kvar du vil gå på. Den førebelse reiseruta og stoppeplassane ser slik ut, her kan det bli endringar:  

  • Grodås 

  • Hellesylt 

  • Stranda fergekai 

  • Liabygda fergekai 

  • Vestnes fergekai 

  • Molde fergekai 

  • Fursetfjellet, ved stor parkeringsplass 

  • Bergsøy(Krifast) 

  • Øydegard 

  • Kanestraum fergekai 

  • Halsa fergekai 

Vi kjem vi tilbake med nærare informasjon om stoppestad og tidspunkt. 

Pris: 

Maxsprisen til 4000 kr, vi håper dette skal bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten.  

Faktura blir sendt ut etter påmeldingsfristen, og må ver betalt innan fristen for å sikre seg plassen.  

Velg eit av desse alternativa ved påmelding:  

  • Deltakar TUR/RETUR: Dette er for dei som ønsker å ver med bussen begge vegar.  

  • Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL Landsleir leir.  

  • Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ Landsleir leir.  

  • Deltakar, felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve.  

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h  

 

Kontaktinformasjon  

Ved spørsmål ta kontakt med kontoret:   

e-post: maybritt.skjortnes@4h.no eller tlf. 96096783