Alle sakspapir vil bli lasta opp her etterkvart som dei er ferdige.

 

Innkalling:  

Årsmøtet er i følgje gjeldande vedtekter for årsmøtet sett saman av:  

a. To (2) representantar frå kvar klubb valde frå klubben sine teljande medlemmar per 31.12. 

b. Medlemmane i fylkesstyret. 

c. To (2) representantar for 4H-alumnane i fylket, valde på årsmøtet til alumnklubben. 

d. Ein (1) representant for dei frammøtte 4H-medlemma under 10 år. Denne veljast av og blant dei frammøtte 4H-medlemma under 10 år under konstitueringa av fylkesårsmøtet. 

e. Ein (1) representant for dei frammøtte 4H-gardane/4H-setrene. Denne veljast av og blant dei frammøtte frå 4H-gardane/4H-setrene under konstitueringa av fylkesårsmøtet. 

f. Ein (1) representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge. Desse møter utan røysterett. 

g. Fylkesstyret kan invitere observatørar med tale- og forslagsrett til fylkesårsmøtet. 

h. Fylkesstyret kan invitere gjestar utan tale- og forslagsrett til fylkesårsmøtet. 

 

Ordinært fylkesårsmøte skal handsama: 

Konstituering av fylkesårsmøte: 

a. Godkjenning av innkalling og sakliste. 

b. Val av referent til å føre protokollen. 

c. Val av to (2) representantar til å skriva under protokollen saman med ordføraren. 

d. Forretningsorden for årsmøtet. 

e. Orientering om nye vedtekter, vedtatt av landsstyret 18.09.2025 

Saker: 

f. Årsmelding frå fylkesstyret. 

g. Rekneskap og revisjonsutgreiing. 

h. Innkomne saker.  

i. Generaldebatt. 

j. Årsplan. 

k. Budsjett. 

l. Eventuelle vedtektsendringar. 

m. Tilsetjing av revisor. 

 

Val av: 

n. Ordførar og varaordførar for fylkesårsmøtet. Funksjonstid eitt (1) år. 

o.Medlemmar til fylkesstyret:  

  1. Fylkesstyreleiar vert vald først med funksjonstid eitt (1) år 

  1. Fire (4) styremedlemmar vert valde med funksjonstid to (2) år, slik at to (2) og to (2) er på val annakvart år.  

  1. Ved opprykk frå styremedlem til fylkesstyreleiar gjennomførast suppleringsval med funksjonstid på eitt (1) år.

p. Tre (3) varamedlemmar til fylkesstyret i rekkjefølgje. Funksjonstid eitt (1) år. 

q. Representant(ar) med vararepresentant(ar) til landsmøte for 4H Norge. 

r. Valkomité på tre (3) medlemmar med funksjonstid to (2) år, slik at ein (1) og to (2) er på val annakvart år. 

s. Tre (3) varamedlemmar til valkomiteen med funksjonstid eitt (1) år. 

 

Vedtektene fastset ulike fristar. Sjå oversikt over fristane under: 

21.12.2025 – Minst 8 veker før årsmøtet 

Kunngjeringa blir publisert på heimesida til fylket. 

04.01.2026 - Minst 6 veker før årsmøtet 

4H-klubbane, 4H-fylkesstyret, medlemmar i sentralstyret i 4H Norge, medlemsorganisasjonane og dei valde årsmøterepresentantane kan sende inn saker til årsmøtet. Dette gjeld også forslag til endringar i vedtektene. 

Forslag til saker og vedtektsendringar skal sendast til fylkesstyret: leiar.moreogromsdal@4h.no 

25.01.2026 -Minst 3 veker før årsmøte Innkalling og sakspapir, med fylkesstyret sine forslag til vedtak, blir sendt ut til 4H-klubbane, alumnklubben, 4H-gardane/setrene og medlemsorganisasjonar (med fylkesledd i aktuelt fylke), med kopi til tilsette, valkomite, revisor og observatørar. 

 

Praktisk informasjon:  

Registrering og oppmøte til årsmøtet er frå kl. 09.30. Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli servert noko å bite i under møtet.  

I førekant av årsmøte er det Superhelg, med styrekurs for medlemmane i klubbstyra. Årsmøte er ein del av den demokratiske opplæringa, og er obligatorisk for alle deltakarane.  

Registreringa på årsmøte må de gjer klubbvis, og melde kven som har stemmerett(2 frå kvar klubb) 

Det er også mogleg å møte berre på årsmøtet for representantar frå 4H-klubbane og organisasjonar.  

Pris: Kr 500,- for kunn årsmøte. Faktura vert sendt til klubbane/organisasjonane. 

Påmelding:  

For dei som skal delta på Superhelga er det personleg påmelding via arrangementet på heimesida. Logg inn med medlemsnummeret ditt og passord. 

For dei som berre skal møte på årsmøtet gjer de påmeldinga ved å sende e-post med namn, adresse og klubbnamn/organisasjon til: moreogromsdal@4h.no

Klubbane kan melde på fleire medlemar til årsmøtet som observatørar. Det er kun to av medlemmane som er delegatar med stemmerett.  

Påmeldingsfristen er 28. januar.  

Sakspapira til årsmøte og vedtektene til 4H Møre og Romsdal blir lasta opp her fortløpande, og seinast tre veker før årsmøte. 

 

Vel møtt! 

Med helsing  

                                                

Berit Fredriksen                                                                     Hans Ole Hatle

Ordførar for årsmøtet                                                           Leiar