Til

4H-klubbane
4H-gardane
Medlemsorganisasjonane
Fylkesmannen,  landbruksavdelinga
Fylkesstyret  
Moral 4H, Møre og Romsdal 4H-alumnklubb
Valnemnda

Sykkylven, 20.12.2021     

Innkalling til fylkesårsmøte i 4H Møre og Romsdal

4H Møre og Romsdal  kallar med dette inn til årsmøtet 2022. Årsmøtet vert digitalt , søndag den 6. februar kl. 10.00.       

Årsmøtet er i følgje gjeldande vedtekter (PDF, 159KB) sett saman av:

  • 2 representantar frå kvar klubb valde på årsmøta i klubbane
  • 2 representantar oppnemnde av landbruksavdelinga hos Fylkesmannen
  • 2 representantar for 4H-alumnane i fylket, valde på årsmøtet i alumnklubben
  • 1 representant for dei frammøtte arrangementsmedlemmane i fylket. Denne representanten velgast av og blant dei frammøtte arrangementsmedlemmene under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
  • 1 representant for dei frammøtte kløvermedlemmane. Denne velgast av og blant dei frammøtte kløvermedlemmane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
  • 1 representant for dei frammøtte 4H-gardane. Denne velgast av og blant dei frammøtte 4H-gardane under konstitueringa av fylkesårsmøtet.
  • 1 representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane i 4H Norge. Desse møter utan røysterett.
  • 1 representant frå fylkesleddet til kvar av medlemsorganisasjonane tilknytt 4H Møre og Romsdal. Desse møter utan røysterett.
  • Medlemmene i fylkesstyret.

 

Sakliste:


Sak 1.             Opning

Sak 2.             Opprop

Sak 3.             Godkjenning av innkalling og sakliste

Sak 4.             Val av referentar og teljekorps

Sak 5.             Val av 2 representantar til å skrive under årsmøteprotokollen

Sak 6.             Møtereglar (forretningsorden)

Sak 7.             Årsmelding for 2021

Sak 8.             Rekneskap for 2021

Sak 9.             Vedtektsendringar

Sak 10.           a. Årsplan 2022

     b. Årsplan 2023

Sak 11.           Fastsetjing av refusjon og godtgjersle til fylkesstyret

Sak 12.           a. Revidert budsjett for 2022

     b. Budsjett for 2023-2024

Sak 13.           Tilsetjing av revisor

Sak 14.           Innkomne saker

Sak 15.           Val

Praktisk informasjon (oppdatert 25. januar):

 

Til alle med røysterett sender vi e-post med sakspapir og lenke til årsmøtet i Teams. Vi skal bruke mentimeter.com for å røyste. Ingen treng registrere seg verken på Teams eller mentimeter. Under møtet er det viktig at alle med røysterett har ein datamaskin/nettbrett/mobil med internett slik at ein kan røyste gjennom mentimeter.com. Alle utan røysterett kan finne lenka til Teams-møtet nederst i denne saka.

 

Vi opnar møtet klokka 09.00 for registrering og tilkopling. Alle må være innlogga innan 09.45.

Årsmøtet startar kl. 10.00 og vil verte ferdig ca. kl. 15.00. Det bli lunsjpause under møtet (ca.11.30-12.00).

Pris:
Ingen kostnad.

Påmelding:
Personleg påmelding via ”Min side” (oppe i høgre hjørnet) på heimesida eller trykk på den grønne knappen her på sida. Legg inn medlemsnummeret ditt og passord.

Sakspapira vert lagt ut på heimesida seinast to veker før årsmøtet. I tillegg vert dei sendt ut til påmeldte.

Vel møtt!

Med helsing                                                                                                                                                                                                                                                                                                                    

Aud Solveig P. Malmedal                                                      Hans Ole Hatle                      
Ordførar for årsmøtet                                                           Leiar

 

Lenke til Teams-møtet kjem her. 

Microsoft Teams-møte

Årsmøte i 4H Møre og Romsdal

Bli med fra datamaskin eller mobilapp

Klikk her for å delta i møtet

Finn ut mer | Møtealternativer

 

Medlemsorganisasjonar i 4H Norge

 

Noregs Vel
Det norske Skogselskap
Noregs Bondelag
Noregs Skogeierforbund
Noregs Bygdekvinnelag
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Noregs Jeger- og Fiskerforbund

1 representant frå fylkesleddet i kvar medlemsorganisasjon til 4H Norge møter i Fylkesårsmøtet (§ 2 i vedtektene), utan røysterett.