ALLE som skal på leir frå 4H Møre og Romsdal må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Dette fordi alle må ver med å betale for frakt av fellesutstyr, administrasjon og  leiarar. 

Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H M&R. Er det fullt må du ordne reisa sjølv - så her er det viktig å ver tidleg ute. 

Reiserute

Planen er avreise frå Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter(Tingvoll kommune)  fredag kveld(18.juli) Og retur frå Strömma Naturbruksscenter laurdag 26. Husk å krysse av for kvar du vil gå på. Den førebelse reiseruta og stoppeplassane ser slik ut, her kan det bli endringar

- Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter 

- Høgset, Gjemnes 

- Batnfjordsøra 

- Fursetfjellet

- Molde fergekai 

- Vestnes fergekai 

- Liabygda fergekai 

- Stranda fergekai 

- Hellesylt, ved hovudvegen 

- Grodås 

Du vel sjølv kva stopp du ynskjer å gå på bussen, og krysser av for det i påmeldinga. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om stoppestad når vi ser kvar folk ynskjer å gå på. 

Pris:

Vi har satt maksprisen til 2500 kr, det kan bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten. 

Faktura blir sendt ut etter påmeldingsfristen, og må ver betalt innan satt frist for å sikre seg plassen. 

Velg eit av desse alternativa ved påmelding: 

  • Deltakar tur/retur-inkludert felleskostnad: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen begge vegar. 
  • Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL Nordisk leir. 
  • Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ Nordisk leir. 
  • Felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve. 

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h 

 

Kontaktinformasjon 

Ved spørsmål ta kontakt med org. rådgjevar, May Britt Skjortnes.  

e-post: maybritt.skjortnes@4h.no eller tlf. 40847734