ALLE som skal på leir frå 4H Møre og Romsdal må melde seg på her, også om du ordnar skyss sjølv. Dette fordi alle må ver med å betale for frakt av fellesutstyr, administrasjon og  leiarar. 

Plassane er “førstemann til mølla” for medlemmar i 4H M&R. Er det fullt må du ordne reisa sjølv - så her er det viktig å ver tidleg ute. 

Reiserute

Planen er avreise frå Øydegård, ved Aspøya Fjordsenter(Tingvoll kommune)  fredag kveld(18.juli) Og retur frå Strömma Naturbruksscenter laurdag 26. Husk å krysse av for kvar du vil gå på. Den førebelse reiseruta og stoppeplassane ser slik ut, her kan det bli endringar

Reiserute
DatoKlokkeslettAvgang frå Aspøya fjordsenter
18.07.21.50Aspøya Fjordsenter
22.10Høgset
22.25Fursetfjellet (stor parkeringsplass)
23.10Molde fergekai - pakking i buss
23.30Fergeavgang
19.07.00.10Vestnes buss stasjon - Ta på dei frå minibussen
03.30Vinstra, pause og sjåførbytte
12.00Annkomst Strømma Naturbrukscenter
Avgang minibuss frå Grodås
18.07.21.30Oppmøte Grodås
21.40Bussavgang
22.10Hellesylt (ved hovudvagen)
22.50Stranda fergekai
23.00Fergeavgang Stranda - Liabygda
23.15Påstigning Liabygda fergekai
19.07.00.10Vestnes buss stasjon- omlasting til stor buss
Retur (tidspunkta kjem seinare)
26.07.Strømma Naturbrukcenter
Strynefjellet
Grodås
Hellesylt
Stranda
Liabygda
Vestnes
Molde
Fursetfjellet
Høgset
Aspøya Fjordsenter

 

Du vel sjølv kva stopp du ynskjer å gå på bussen, og krysser av for det i påmeldinga. Vi kjem tilbake med nærare informasjon om stoppestad når vi ser kvar folk ynskjer å gå på. 

Pris:

Vi har satt maksprisen til 2500 kr, det kan bli noko billigare om mange reiser med fellestransporten. 

Faktura blir sendt ut etter påmeldingsfristen, og må ver betalt innan satt frist for å sikre seg plassen. 

Velg eit av desse alternativa ved påmelding: 

  • Deltakar tur/retur-inkludert felleskostnad: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen begge vegar. 
  • Deltakar TIL: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen TIL Nordisk leir. 
  • Deltakar FRÅ: Dette er for dei som ønskjer å ver med bussen FRÅ Nordisk leir. 
  • Felleskostnadar: Dette er for dei som ordnar transport sjølve. 

Økonomi skal ikkje ver ei hindring for å delta på leir i 4H. Trenger du, eller nokon i klubben støtte til å vere med på leir/til transport kan du lese meir og søkte støtte her: Deltagerstøtte - 4h 

 

Kontaktinformasjon 

Ved spørsmål ta kontakt med org. rådgjevar, May Britt Skjortnes.  

e-post: maybritt.skjortnes@4h.no eller tlf. 40847734