Skal du på fylkesleir i år? 🏕️ Då har du ei fantastisk moglegheit til å drive din eigen kiosk! Anten du tek med deg klubben din, gruppe eller forening kan kiosk vere ein strålandes måte å tene pengar på og samstundes skape eit sosialt samlingspunkt for deltakarane! Og det beste? 🤔 Alt overskudd får dykk behalde sjølve! 🤑🫰💰Det nest beste? Du kan bruke det som prosjekt! ✍️🤩

Kvifor ha kiosk?

Ein kiosk gir leirdeltakarane tilgang til smågodt, brus, kaffi, snacks og andre varer som kan vere gode å ha i løpet av leiren. Ikkje berre bidreg det til å skape trivsel, men det kan ògså gi inntekter som kan gå til fellesskapet, utstyr eller framtidige aktivitetar eller arrangement!

Korleis kan du starte?

1. Søk om plass - Send ein mail til moreogromsdal@4h.no for å sikre deg ein plass til kiosken
2. Planlegg utvalet - Finn ut kva som kan seljast og kva deltakarane ynskjer seg.
3. Sett opp ein budsjettplan - Rekn ut innkjøpskostnadar, prisar og mogleg fortjeneste
4. Skaff utstyr - Medbring utvalet til kiosken
5. Marknadsfør kiosken - Lag plakatar, bruk sosiale medium og informer deltakarane om kvar dei finn dykk!
 

Dette er ein glimrande moglegheit til å øve på samarbeid, økonomistyring og service, samstundes som de skapar eit hyggeleg og sosialt miljø på leiren. Har du lyst å drive kiosk på fylkesleiren? Send oss ein mail på moreogromsdal@4h.no eller ring til Amalie frå kontoret på 960 96 782 - og set i gong med planlegginga!