Vil du komme med i historiebøkene til 4H Møre og Romsdal? 📖
Det har du moglegheit til no ved å skape årets Fylkesleirlogo! 🖊️

I år er Fylkesleiren på Gjermundnes (26.-29.06.25). 2025 er Friluftslivets år, og derfor har vi teke inspirasjon frå det til årets tema på Fylkesleiren. Årets tema på fylkesleiren blir dermed "Friluftsliv"! 🎉🌲🏕️🎉

 

Korleis deltek eg i konkurransen?

Lag ein logo som uttrykker årets tema "Friluftsliv"
- Logoen skal vere enkel og tydeleg, og skal kunne brukast på plakatar, heimeside og som merke.
- Bruk papir og fargar, digitale verktøy eller begge deler
- Logoen må vere original, altså deltakarens eigen idè

Del eit bilete med oss innan 24.februar! Vinnaren får 50% rabatt på bilett til årets fylkesleir (Verdi inn til kr 700,-).

 

Del bilete med oss:

- Ta bilete av teikninga di eller lagre fila digitalt
- Send den til moreogromsdal@4h.no innan 24. februar 2025
- Merk bidraget med namn, alder og klubb

Vi håpar på mange flotte nye 4H fylkesleir logoforslag!