Arbeidsoppgåver

  • Tett kontakt med dei 35 lokale klubbane i fylket
  • Oppfølging av styrevedtak
  • Planlegge, gjennomføre og evaluere arrangement
  • Inovasjon og ideutvikling som bidreg til å vidareutvikle organisasjonen

Vi søker etter:

Liker du at kvardagen er variert og innhaldsrik? Ønsker du å arbeide med engasjerte barn og ungdom i ein dynamisk og aktiv organisasjon?  Brenn du for inkludering og bobler over av kreativitet? Har du lyst på ein meiningsfull jobb? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning eller fagbrev. Relevant erfaring kompenserar for utdanning. Ønskeleg med minimum 2 års relevant erfaring.
  • Engasjert og lærevillig
  • Gode evner innan kommunikasjon og rettleie av mot barn og unge. 
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Grunnleggande kunnskap innan IKT
  • Kjennskap til økonomi og administrasjon i frivillige organisasjonar
  • Det er ein styrke om søkaren har erfaring med frivillig arbeid, arrangement og prosjektorganisering
  • Viktige eigenskapar: sjølvgåande, serviceinnstilt, profesjonell, kvalitetsbevisst, fleksibel og effektiv. 

Du blir ein del av

  • Eit engasjerande arbeidsfellesskap i ein av Noregs største barne og ungdomsorganisasjonar av, med og for barn og unge.
  • Ein variert arbeidskvardag med moglegheit for påverknad, læring og sjølvutvikling.

Arbeidsvilkår

  • Løn etter avtale
  • Politiattest må leggast fram før tilsetjing
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Arbeidsstaden for stillinga er hos 4H Møre og Romsdal, Næringsfabrikken i Sykkylven. Her disponerer 4H Møre og Romsdal kontor i eit hyggeleg kontorfellesskap der du vil jobbe tett saman med ein 4H-kollega. Ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid. Ein bør ha førarkort klasse B, samt moglegheit for disponering av bil. Arbeidsgjevar er 4H Norge med regionkoordinator for Vestlandet som nærmaste overordna.

Kontaktperson og søknad

Synnøve Jørgensen, regionkoordinator for 4H på Vestlandet: Tlf. 960 96 773
Søknad og CV sender ein på e-post til synnove.jorgensen@4h.no innan 10. februar 2023

Du kan og finne annonsa på arbeidsplassen.no