Periode

Konkurransen går frå 1. januar til 31. desember 2026.
Heile året tel med, slik at innsatsen klubbane legg ned på vinteren og i starten av året også blir verdsett.

Kriterium

  • Konkurransen handlar om tal på nye medlemmar inn i klubben.
  • Vi tek ikkje omsyn til utmeldingar eller overgang til alumnklubb.
  • Kløvermedlemmar tel som fullverdige medlemmar.

Dette gir eit rettferdig samanlikningsgrunnlag for alle klubbar – uansett storleik.

Premiar

  • Hovudpremie: Gåvekort på kr. 2500,-til klubben som vervar flest medlemmar i 2026.
  • I tillegg blir det trekt eit tilfeldig gåvekort blant dei andre klubbane på kr.1000,- – slik at alle som har verva minst éin medlem har sjanse til å vinne!

Vinnarane får sjølve vere med og bestemme kvar gåvekortet skal kjøpast, til dømes: 4H-butikken, dittgavekort.no, Felleskjøpet, XXL, Intersport eller ein lokal butikk.

 

Bli med og verv nye medlemmar – saman byggjer vi sterke og aktive 4H-klubbar i heile fylket!

  • Jo fleire vi er, jo meir moro kan vi finne på saman:
  • Meir liv på møta
  • Større gjeng på tur og leir
  • Nye idéar og prosjekt
  • Fleire venner for livet

    Så – kven vil DU invitere med i 4H?

Korleis melde seg inn:

  • Send «4H» til 2030 på SMS
  • Gå til 4h.no/blimed og fyll ut skjemaet
  • Er du allereie medlem? Logg inn på Min side og verv vener eller søsken – dei får automatisk søskenrabatt.