Vi har mange aktive og flinke 4H-klubbar rundt om i fylket, og kvart år blir ein av desse heidra med tittelen "ÅRETS KLUBB" Ver med å nominer!
Kven fortener heider og ære i år?
Kjenner du ein 4H-klubb som har gjort noko ekstra bra det siste året? Kanskje klubben har skapt gode aktivitetar, inkludert nye medlemmer, gjennomført spennande prosjekt eller bidrege positivt i lokalmiljøet?
No har du sjansen til å løfte fram dei som fortener litt ekstra merksemd.
Du kan nominere din eigen klubb eller ein annan klubb du meiner har gjort ein særleg god innsats. Også personar utanfor 4H-organisasjonen er velkomne til å sende inn nominasjonar.
- For å nominere, svar på spørsmåla i skjemaet du finn ved å trykkje HER
- Frist for innsending av nominasjon er 1. desember 2026.
- Utmerkingane blir delte ut på fylkesårsmøtet til 4H Møre og Romsdal den 14. februar 2027.
Vi håpar på mange gode forslag frå heile fylket. Hjelp oss med å finne fram til dei klubbane som har utmerka seg i 2026! 💚🍀