Fredag 13. var slettes ingen ulykkesdag, for då starta årets Superhelg i Møre og Romsdal!

Kjekke og engasjerte 4H medlem møttes 13. til 15. februar til Superhelg i Åfarnes i Rauma kommune. Deltakarane har fått nye bekjentskap, oppleve kjekke 4H tradisjonar, leikar og ikkje minst fått opplæring i styreverv og demokrati. Dei har også deltatt på Plakettfest og årsmøte. 

Det har vore inspirerande å sjå medlemmane lære, utvikle seg og vokse så mykje i løpet av ei einaste helg. Både fagleg og sosialt. Det gjorde meg stolt langt inn i hjarterota av å sjå den framtidige generasjonen gjennomføre demokrati i praksis!

Tusen takk til Liljen 4H som for tredje året på rad har vore teknisk arrangør for Superhelga i Møre og Romsdal. Bra jobba!

 

Straumen 4H vann prisen for årets klubb!

Medlemmane frå Straumen 4H fortel at dei har jobba målretta mot denne prisen. Gjennom både engasjement, klubbaktivitetar, prosjekt og loddsal var dei veldig glade for å få utteljing for jobben dei har gjort.

Straumen 4H vann prisen for årets klubb

 

 

Æresdiplom!

Under årest plakettfest vart fylkesansvarleg, tilsett May Britt Skjortnes, tildelt æresdiplom for sin lange og ekstraordinære innsats for 4H Møre og Romsdal. I nominasjonen beskrivast May Britt som ein person som går den ekstra mila, er stødig, klok og erfaren. I forkant av utdelinga stilte sporty frivillige opp med korframføring av heimesnekra song!

May Britt fekk æresdiplom

 

 

Fylkesstyret 2026

På årsmøtet vart det nye fylkesstyre valt

Fylkesstyre 2026

 

 

 

Sjå fleire bilder frå Superhelga i vår bildekarusell!