Sjur og Grete Malmedal har gjennom ei årrekke gjort ein betydeleg innsats for sin lokalklubb; Lynet 4H, lokalmiljøet og fylkeslaget i Møre og Romsdal.

Sjur og Grete har vore klubbrådgjevarar for lokalklubben i høvesvis 25 og 16 år. Begge har vore med på fylkesarrangement som vaksenleiarar. Dei har fleire gonger vore vaksenleiarar på storleir på vegne av 4H Møre og Romsdal.

«Superhelg», 4H Møre og Romsdal si kombinerte styrevervsopplæring, plakettfest og årsmøtehelg har dei siste 10 åra vore arrangert med Lynet 4H som teknisk arrangør. Her har Sjur og Grete hatt sentrale roller og vore primus motorar i planlegging og gjennomføring av arrangementet. Dei har sørga for stabilitet og forutsigbarheit for orangisasjonsopplæringa i 4H Møre og Romsdal over lang tid, noko fylkesstyret sett stor pris på.

Grete har i tillegg sete fem år i fylkesstyret for 4H Møre og Romsdal, frå 2008-2013. Ho har og i fleire år sete som medlem og varamedlem av fylkeslagets valkomité.

Sjur og Grete har ved fleire høve stilt opp som vertsfamilie og teke i mot IFYE. Grete har sjølv vore på IFYE-utveksling.

4H Møre og Rosmdal gratulerer med vel fortent Æresdiplom til Grete og Sjur!