Fylkesstyreleiar Hans Ole Hatle og styremedlem Ann Iren Lislien mottok det synlege beviste på støtta frå Sunndal Sparebank. Kjekt var det og att utdelar Arnt Inge Øverland har vor 4H ar.

Gåva skal brukast til å skape spennande og varierte aktivitetstilbod for deltakarane, og bidreg til å gi alle ein minnerik leiroppleving.

– Vi er svært takksame for støtta frå Sunndal Sparebank. Dette gjer det mogleg å gjennomføre fleire kjekke aktivitetar som gir både meistring og glede, seier fylkesstyret i 4H Møre og Romsdal.

Fylkesleiren er eit årleg høgdepunkt for 4H-arar i heile fylket, og støtta frå lokale aktørar som Sunndal Sparebank er avgjerande for å kunne tilby eit godt og inkluderande leirtilbod.