Første helga i Oktober, medan uværet Amy blåste over landet, inviterte MORAL og fylkesstyret i 4H Møre og Romsdal til surfehelg for alumnar og siste års senior i Møre og Romsdal. Basen var Ervik på Stadtlandet.
Fredag blei brukt til transport, innkvartering, brettspell og sosialt på kvelden, og arrangørane diska opp med heimelaga tomatsuppe til kveldsmat.
På laurdag var plana at vi skulle til Hoddevik og surfe, men grunna sterk vind var ikkje dette mogleg å gjennomføre. Dagen blei derfor brukt til å nyte den vakre kystkulturen i mykje vær. Vi var blant annet ute på krigsminnet på Hovden på grottevandring. På veigen dit blei dagens gode gjerning å frigjære ein sau som hadde vikla seg inn i piggtråd. Etter lufteturen til Hovden lagde vi lunsj med eit utval av salater og vafler til dessert. På ettermiddag fekk gruppa bryne seg på eit escaperoom laga av ein av arrangørane, før gruppa lagde taco til middag.
Seint på laurdagskvelden kom og den gledelege beskjeden om at værgudane var på 4H si side likevel og vi kunne gjennomføre surfekurset på søndag formiddag. Så etter frukost søndag pakka vi saman, kjørte til Hoddevik for surfekurs i perfekte forhold.
Tusen takk for ei kjempekjekk helg!







