Overnatt ute på 4H-dagen – «under open himmel»! 

 Dette er ei flott moglegheit til å samle små og store til ei sosial, lærerik og kjekk naturoppleving. 

Støtteordning for opne arrangement 

4H-klubbar kan søke om støtte til å gjennomføre opne og gratis arrangement med overnatting «under open himmel». Støtta kan nyttast til: 

  • Mat og servering 

  • Utstyr som trengst for gjennomføringa 

  • Innleige av aktivitetar eller opplegg 

  • Maksimalsum per klubb: kr 4 000,-. 

Søknadsfrist: 26. april 2026  - Svar på søknad blir sendt: 28. april 2026 

 

For å få støtte må klubben: 
  1. Svare på evalueringsskjema etter arrangementet (tal deltakarar, kva som vart gjort m.m.). 

  1. Sende inn minst eitt bilete frå arrangementet som kan publiserast på fylket sine sosiale medium. 

  1. Sikre at arrangementet er gratis og ope for alle. 

  1. Lever eit enkelt rekneskap

 

Innsending av bilete, tekst og rekneskap 

Frist for innsending av dokumentasjon: 31. mai. 

SØK OM STØTTE HER