• Har du gode ideer som du ønsker å dele?  

  • Trenger du inspirasjon til aktivitet? 

  • Har du utfordringar i klubben?  

  • Ønsker du å være med å utforme haustens 4H treff?  

Er svaret på noko av dette ja? Då er lokal rådgjevarkveld perfekt for deg! 

 

I samarbeid med Straumen 4H og Lynet 4H gjennomfører fylkesstyret to lokale rådgjevarkveldar. Desse kveldane er eit pilotprosjekt som fylkesstyret ønskjer å prøve ut i år, der målet er å inspirere og auke samarbeidet på tvers av lokale klubbar.  

Kveldane vert eit sosialt treffpunkt for rådgjevarar med dialog og erfaringsutveksling rundt tema som status i klubbane, suksesshistorier, utfordringar, klubbrådgjevarrolla, søknadar, verving og vekst, med meir. Dette er og ein fin arena for å gje tilbakemelding (både ris og ros) til fylket. 

Datoar og stad: (nøyaktig stad kjem det nærare informasjon om) 

  • Sykkylven: Måndag 28. April, kl 18:30-20:30. 

  • Malmefjorden: Tysdag 29. April, kl 18:30-20:30. 

Det vil bli servert kaffe/te og kaffemat.  

Påmelding skjer til fylkesmailen: moreogromsdal@4h.no. Påmeldingsfristen er torsdag 24. April. For å sikre breiast mogleg deltaking settast det grense på maksimalt tre rådgjevarar per klubb. Ved få påmeldte får klubbane moglegheit til å melde på fleire.