I veke 35 og 36 gjennomførte vi fire kjekke Regionsamlingar, på desse samlingane møtte vel 80 stykker rundt om i fylket.
Formålet med desse samlingane er att naboklubbar skal møtast for å samarbeide. Fylkesstyre og ansatte kjem med eit ferdig opplegg for kvelden, og lokal klubb stiller med plass å ver ute og bål til å lage mat på.
I år var hovudaktiviteten «Poengjakt» Dette var ein engasjerande og god øvelse i samarbeid. Her kunne laga bestemme sjølv kor mange av oppdraga dei ville/rakk å gjennomføre. Det var ein mal på poeng alt etter kva som vart gjennomført.
Oppgåvene i i poengjakta var:
- Fyll naturbingoen – med ting du finn i naturen
- Scrabble – lag flest moglege namn
- Lag 4H-kløver i naturmateriale
- Heng opp taubru – ta bilde av heile laget oppå.
- Lag bål med tennstål
Til slutt vart det grillla pølser og vi kosa oss med saft og kaffi. Under måltidet vart det informert om ulike ting frå fylke. Blant anna vart det mint om vervekonkuranssen vi har gåande. Les meir her
Alle klubbar som deltok fekk med seg to tennstål heim, så her kan det bli mange dyktige båltennarar.
Delar av dette opplegget kjem i ein aktivitetspakke som klubbane kan bestille frå fylket - iløpet av hausten.
Tusen takk til alle deltakarar, vaksne og til vertsklubbane for att de stiller opp.