Omlag 100 4H-arar møttast til leik, bålmat og for å forsøke knekke koden til gåtemeisterens skatt. 

Samlingane vart kickstarta med 4H løftet og sherrif som første leik. Etterpå fekk alle treffa prøve seg i leiken psykolog der ein utvalgt skulle finne gruppa sitt felles problem ved å stille spørsmål til deltakarane, og analyse seg fram til eit mønster ut frå svara. 

Etter ein time med leik var bålpannene varme og klare til steiking av smashed burger og på Tingvoll var det også ein natursti i regi av NEAS. Når alle hadde fortært minst ein burger var det på tide å bryne seg på å få åpna gåtemeisterns skatt. Her måtte deltakarane bruke alt av kunnskap frå uttak av kompasskurs til dekoding av hemmelege beskjedar med morsekode for å åpne skattekista, noko alle treffa klarte. 

(Leikane på samlinga er henta fra leikeheftet laga av fylkesstyret som ein del av aktivitetspakka som kunne bestillast i 2024. Escaperoomet gåtemeisterns skatt er laga av fylkesstyret til samlingane. )

Fylkesstyret ønskjer å rette ein stor takk til NEAS og Sparebankstiftelsen SMN som har bidrar med midlar til å gjennomføre samlingane. 

Logo Neas           Logo