35 ivrige vaksne 4H entusiastar møtas til helgesamling i Molde 17.-19.januar. Temaet var aktivitet og inspirasjon.
På formiddagen laurdag reiste heile gjengen til Solemdal 4H gard på Skåla. Der fekk deltakarane prøve seg på aktivitetar som ein finn i «Aktivitetspakken» til 4H Møre og Romsdal. Denne er det fortsett mogleg å bestille. Det var ein engasjert gjeng som løyste ulike oppgåver. Det vart og tid til omvising på den trivelege 4H garden.
Vi markerte og starten på Friluftslivets år – «Heile Norge båler» Dette gjor vi med bålbrenning og vi lagde boblebrød. Oppskrift under.
Oppskrift på boblebrød:
4 sp margarin/olje
4 dl mjølk
11/2 sp bakepulver
1 ts sukker
6 dl kveitemjøl
4 dl grovt mjøl
½ ts salt
Bland alt godt i ein bolle, skal bli ei fast deig. Lag små flate kaker som du steiker på bålet (rist)
Server med ost eller sylte.
![]()
På ettermiddagen fekk vi besøk av vår engasjerte sentralstyreleiar, Martin Holmen. Han hadde ulike spørsmål som deltakarane diskuterte i grupper og delte svar på. Kort oppsummert ligg det vedlagt. Vedlagt ligg og presentasjonen frå fylke.
Trur dei fleste reiste heim med påfyll i kofferten, og hadde hatt ei inspirerande helg med gode diskusjonar, god mat og godt selskap. Takk for denne gang!














