Foto: Kim Andre Sund
Frå 26. til 29. juli samla vi nesten 200 engasjerte deltakar, og trygge vaksenleiarar til fylkesleir på vakre Gjermundnes
Leiren baud på fire innhaldsrike dagar med aktivitetar, læring, samarbeid og møte med nye og gamle venner. Leiren vart ein suksess med variert program og god stemning frå start til slutt- sjølv om vêrgudane ga oss nokre utfordringar.
Høgdepunkt frå leiren:
- Poengjakt – ei spennande og kreativ konkurranse der ein samla poeng gjennom ulike oppgåver.
- Valfrie aktivitetar – Her kunne ein velje mellom klatring, kampsport, hest, vikingleik, friluftsli. kajakkpadlingsjablongmåling, volleyball og fotball.
- Volleyballturnering – intens innsats og jubel på bana, med både konkurranse og samarbeid. Vinnarar vart kåra i både aspirant og junior/senior klasse.
- Tautrekking – klassisk styrkeprøve som samla heile leiren til heiarop og latter. Den sterkaste klubben var atter ein gong Ruggå 4H frå Valldalen.
- Miljøtorg – Her samlast ein til is, toast, spel og sosialt samvær. Tusen takk til MORAL som ordnar dette kvart år.
Tusen takk til alle deltakarar, frivillige og arrangørar som gjorde dette mogleg! Vi gler oss allereie til neste år, då skal Klurtolla 4H ver med arrangør!





















