Open gard med 4H vart ein suksess på Solemdal gard. Mange store og små tok turen innom for å oppleve dyra, delta på aktivitetar og lære meir om livet på garden.
4H stod for rebusløp og ulike aktivitetar, medan vertskapet Monica og Ove Solemdal viste fram garden og dei mange dyreslaga sine.
4H arbeider etter mottoet «lære ved å gjere», og dagen gav barna høve til å utforske, lære og vere aktive i trygge omgjevnader. Solemdal gard er ein 4H-gard og besøksgard for både barnehagar og skular.

Monica og Ove ligg ikkje på latsida. I etterkant av open gard arrangerte dei to dyrekurs for barn i alderen 4–9 år. Den eine kvelden fekk barna lære om sau, medan dei den andre kvelden fekk lære om ku. Kursa var retta mot 4H-medlemmer, og barna fekk lære fakta om dyra, kva dei blir brukte til i dag og før i tida, kva dei et, og korleis dei skal stellast og takast vare på. Målet var å gi barna praktisk kunnskap og gode opplevingar med dyr gjennom å lære ved å gjere.








