Er du ein meister med mjølet, ein kunstnar med kremen eller ein magikar med marsipanen? I år fyller 4H Norge heile 90 år, og ein slik milepel må feirast med ei skikkeleg jubileumskake! Difor inviterer vi alle kreative 4H-arar – frå dei yngste i klubben til dei eldste i alumnmiljøet – til å bli med på vår store kakepyntekonkurranse.

Oppdraget

Lag eller pynt ei kake som hyllar 4H Norge sin 90-årige historie. Her er det berre fantasien som set grenser!
Kaka kan vere inspirert av:

  • naturen - landbruket
  • firkløveren
  • leirliv
  • prosjektarbeid
  • eller noko heilt nytt som viser kva 4H tyder for deg

Du kan delta aleine eller saman med klubben din.


Kva ser juryen etter?

Vi får dessverre ikkje smake på herlegheitene (sjølv om vi gjerne skulle!), så vurderinga blir gjort ut frå bileta de sender inn. Juryen legg vekt på:

  • Originalitet – er idéen unik og spanande?
  • 4H-ånd – strålar det 4H av kaka?
  • Kreativ bruk av pynt – her er alt lov!
  • Tilknyting til natur og landbruk – syner kaka røtene våre?

Slik deltek du

Sidan vi ikkje kan frakte 100 kaker gjennom posten, deltek du ved å sende inn bilete.

  1. Pynt kaka di.
  2. Ta eit tydeleg bilete av det ferdige resultatet og eit bilete av bakemeistrane i aksjon.
  3. Send bilete, namn på deltakar(ar) og klubbnamn til: moreogromsdal@4h.no
  4. Frist for innsending: 31. mai 2026

🏆 Premiar 🏆

Dei mest kreative bidraga får  GULLBILLETT til fylkesleir 2026 – eller storkurs dersom du ikkje skal på leir.

Gullbilletten gir deg eksklusiv tilgang til å gå forbi alle køane på leiren eller storkurset. Snakk om luksus!

Gullbillett


Fylkesstyret gler seg til å sjå kva de tryllar fram av sukker, smør og rein skaparglede.
Lykke til, alle nysgjerrige gledesspreiarar!