Gladsak 😊

Fjellrosa 4H på Hellesylt i Møre og Romsdal vart tildelt kr. 130.000 frå Gjensidige. Vi gratulerer!

Eg tok ein prat med klubbrådgjevar A Silje Kristin Stadheim for å høyre kva dei har tenkt å gjere med ei slik flott pengegåve.

Ho fortel at pengane skal nyttast til sommaraktivitetar og klubben har fleire, kjekke aktivitetar på programmet, som desse:

  • 1 dag med klatring i fjell
  • 1 dag med snorkling
  • 1 dag med kajakkpadling
  • 1 aktivitetsdag med mange ulike aktivitetar på grendahuset
  • Overnatting på gard ute i eit amfi
  • 2 netter i telt i nærområdet eller på tur

Glade barn padler kajakk

Aktivitetane vil verte gjennomført i sommarferien og dei er opne for alle.

Klubben håpar mange melder seg på og at dei som ikkje er medlemmar i 4H frå før kanskje blir inspirert til å melde seg inn etter å ha deltatt på kjekke aktivitetar.