Litt om instruktørutdanninga:  

Instruktørutdanninga er eit tredelt utdanningsløp der medlemet får opplæring i korleis ver instruktør for styrevervsopplæring i eige fylke.  

  • Opplæringa byrjar med ei helg i november der ein får opplæring i rolla som instruktør med fordjuping i eit styreverv eller friluftsliv(denne gangen er det styrevervs instruktørar vi søker etter).
  • Del to er hospitering som "med-instruktør" på styrevervskurset under superhelga i fylket. Du er med ein erfaren instruktør og planlegg og gjennomfører kurs.
  • Utdanninga avsluttast med ei kurshelg i mars der det vert litt fagleg påfyll og stort fokus på erfaringsutveksling og korleis det gjekk ved hospitering på kurs i fylket. 

Kursa i november og mars er nasjonale. Les meir her

For å bli instruktør må du fylle 16 år i år. Fylkesstyret betalar for utdanninga mot at instruktørane bind seg til å gjennomføre minst to kurs i eige fylke i løpet av ei femårsperiode.  

 

Kunne du tenke deg å bli styrevervsinstruktør for Møre og Romsdal 4H? Fyll ut dette skjemaet.