Vi søkjer engasjerte og trygge vaksenleiarar til årets landsleir, som blir arrangert på Sortland i Nordland frå 4.–11. juli.
Fylket organiserer felles transport til og frå leiren, og står for rekruttering av vaksenleiarar. Leiren har ein hovudleiar, medan resten av leiargruppa har ansvar som kontaktperson for om lag 10 deltakarar kvar. Eventuelle medfølgjarar for deltakarar med ekstra behov kjem i tillegg.
Vi reiser 3.juli og er tilbake i fylke 12. Ferden går med buss.
Årets leir er på: Sortland
I år går turen nordover – til vakre Sortland i Nordland. Landsleir er ei unik oppleving, både for deltakarar og leiarar, fylt med aktivitetar, fellesskap og minner for livet.
Med utgangspunkt i registreringsskjemaet under, set fylkesstyret saman den best mogleg leiargruppa. Du vil få tilbakemelding frå 4H-kontoret så snart avgjerda er teken.
🗓 Frist for å melde interesse som vaksenleiar er 1. mars.
Som vaksenleiar er det sjølvsagt fylket som dekker både leir og transport.
👉 SØK HER