Då er vinnarane kåra! Gratulerer til Vårsol 4H med flest nye medlemmer, og til Villmarksgjengen 4H som vart uttrekkt blant alle som hadde verva. Premier kjem!!
4H blir best når vi er mange – og DU kan vere med å gjere klubben endå kjekkare!
For å få ein ekstra giv i vervinga utlyser vi klubbvis vervekonkurranse – den klubben som har verva flest medlemmer frå 1. oktober til 31. desember blir vinnar av konkurransen.
Det er mange måtar å gjer dette på, for eksempel:
✨Verv ein venn
✨Inviter aktuelle medlemmar til haustfest
✨Ha stand på butikken, syne fram kor kjekt det er i 4H
✨Inviter til eit ope arrangement
✨Opprett kløvergruppe
Dei som melder seg inn etter 1. september får hele neste års medlemskap på kjøpet! Dette betyr att ein får nesten halvanna år til prisen av eitt.
PREMIE TIL KLUBBEN:
Beste klubb får gåvekort i 4H sin nettbutikk på kr. 2500
Ein tilfeldig klubb som har medlemsvekst blir trekt ut, og får gåvekort på kr. 1000
Premien håper vi klubben kan bruke til å kjøpe noko til ein sosial aktivitet, eller kjøpe noko som kjem flest mogleg til gode.
Kjenner du nokon som kunne hatt glede av å bli med i 4H? Ta dei med på eit møte eller fortel dei om alt det kjekke vi gjer.
Jo fleire vi er, jo meir moro kan vi finne på saman:
✨ Meir liv på møta
✨ Større gjeng på tur og leir
✨ Nye idéar og prosjekt
✨ Fleire venner for livet
Så – kven vil DU invitere med i 4H? 🌱
Korleis melde seg inn:
✨Send «4H» til 2030 på SMS
✨Gå til 4h.no/blimed og fyll ut skjemaet
✨Er du allereie medlem? Logg inn på Min side og verv vener eller søsken – dei får automatisk søskenrabatt.