Elvablikk 4H er heimehøyrande på Åheim i Vanylven Kommune.  

Klubben har per desember 2024, 51 registrerte medlem mellom 10-18 år, 1 støttemedlem og 8 klubbrådgjevarar.  

Gjennom 2024 har Elvablikk 4H bemerka seg både lokalt og på fylkesnivå.  

Klubben har i fleire år vore i jamn vekst, og med varierte aktivitetar etter ønskje frå medlemmane, har klubben skapt eit godt miljø for rekruttering og samhald. I tillegg til medlemsmøte og styremøte har klubben gjennomført kveldskøyring i Harpefossen skitrekk, tur til klatrepark, nyttårsball, overnatting, ryddedugnad før 17 mai, dugnad som aktør på Åheims-dagen, mat på bål, markering av 4H-dagen og juleverkstad der dei inviterer potensielle nye medlem. Mange av aktivitetane får medlemmane dekt av klubben for å forebygge økonomisk ulikskap, og gje alle i bygda moglegheit til å delta på aktivitetane i 4H.  

Elvablikk 4H har eit godt samarbeid med fleire lokale aktørar og organisasjonar. Det er stor dugnadsvilje knytt til klubben og dei opplevast som ei drivkraft i lokalsamfunnet. Posisjonen til klubben i bygda kom ekstra godt fram da klubben i år arrangerte ein fantastisk fylkesleir for 259 deltakarar.  

Elvablikk 4H er ein 4H-klubb med gode verdiar, fokus på medlemspleie, samhald, å lære ved å gjere, inkludering og å framstille 4H på ein god måte. 

4H Møre og Romsdal gratulerer Elvablikk 4H som Årets klubb 2024!