Treng klubben din inspirasjon til aktivitet dei kan gjennomføre på klubbmøte? Skal klubben ha eit heildagsarrangement, men treng forslag til kva dagen skal innehalde? Då kan aktivitetspakka frå fylkesstyret være noko for klubben din.  

Aktivitetspakka består av eit hefte med inspirasjon til over 15 enkle aktivitetar og øvelsar som er lette å gjennomføre som ein del av eit klubbmøte. Gjennomføring av aktivitetane skildrast steg for steg, og utstyr for gjennomføring av enkeltaktivitetane er inkludert i pakka.  Blant anna eit "stort scrablesett"

Som ein del av pakka får klubben også eit eige leikehefte som inneheld reglar og forklaring for 12 leikar som ofte vert nytta på 4H-arrangement i fylket og nasjonalt.  

leikehefte

Som ein bonus har fylkesstyret også utarbeida eit opplegg for korleis ein kan sette saman aktivitetspakka til eit heildagsarrangement for klubben.  

Aktivitetspakka kan bestillast via dette skjemaet og koster 1000 kr.  Pakkane vert utlevert til klubbane over nyttår 2025. 

Er det spørsmål, kontakt kontoret på moreogromsdal@4h.no