Me vil at alle skal ha det gøy på leir, og ber deg derfor bruke sunn fornuft, ta vare på
alle rundt deg, oppføra deg fint, gjera noko kjekt for deg sjølv og andre, og følgja
reglane. Leirreglane gjeld alle 4H-arar, 4H-alumnar, leirleiarar og andre som oppheld
seg i leirområdet.

  1. Gjer deg kjend med programmet og følg det.
  2. Alle skal bruka synleg leirbevis gjennom heile leiren.
  3. Forlat ikkje leirområdet utan lov frå din leiar.
  4. Gjester skal registerast og få besøkskort.
  5. Meld frå til leiaren din om du blir sjuk, skada eller ser nokon andre som treng hjelp, uansett tid på døgnet.
  6. Hald orden i leirområdet og bruk søppelspanna. La brannsløkkingsutstyr og anna leirutstyr vera i fred. Ser du noko bli øydelagt eller skada, meld inn dette til leirkontoret!
  7. I teltleiren skal de vera ro mellom kl. 23 og 07.
  8. Bading kan skje på tilviste stadar, og på vilkår av at din leirleiar gjev deg lov. Dei som badar skal vera i følgje med ein leirleiar (1:15) som er svømmedyktig og kan grunnleggjande livredding.
  9. Røyking, bruk av propanapparat og open eld er strengt forbode utanom på tilviste plassar. elsigarett
  10. Alkohol og andre rusmiddel er ikkje tillate, og fører til automatisk heimreise for eiga rekning.
  11. Energidrikkar (til dømes Red Bull) er ikkje lov å ha med seg eller drikka.
  12. Leirråd kan ta frå deltakarane farlege gjenstandar, som kniv, ved behov.
  13. Ta omsyn til dei andre leirdeltakarane, naboane til leirområdet og Øksnevad VGS. Ikkje opphald deg på/i område/bygningar som ikkje er ein del av leirområdet.
  14. Respekter andre sine grenser. Seksuelt krenkande åtferd blir ikkje tolerert. Dette kan være uønskt fysisk kontakt, sårande eller ”grisete” kommentarar eller liknande.

Alvorleg brot på reglane kan medfør heimsending for eiga rekning.
Avgjerd om heimreis tas av Leirrådet.