Breim i korte trekk

Med sine 1500(ca) innbyggjarar ligg dalføret Breim i austre del av Gloppen Kommune. Bygda strekkjer seg frå Jostedalsbreen i aust til Breimsvatnet i vest, og er omringa av høge fjell frå alle kantar. Frå 1886-1964 var Breim ein eigen kommune, etter bygdefolket sitt eige ynskje. Då låg kommunesenteret på Reed, og kommunen krinsa alle grendene rundt breimsvatnet – inkludert Kandal og Førde (som no ligg i Jølster Kommune).

Kulturlivet og idretten i bygda

Breim var tidlegare eit stort senter for folkemusikk. Etter gammalt var det stor iver i leikarringane rundt om grendene, og Breim fostra opp mange gode spelmenn. Denne tradisjonen har mellom anna Sigrid Moldestad tatt vidare, og er blitt ein av dei kjende norske folkemusikarane opp igjennom åra. Breim hadde sin eigen “hornmusikk” , eller eit korps, for vaksne, som spelte til kvardags og til fest i bygda. I 1986 slo hornmusikken seg i hop med Sandane hornmusikk, og Gloppen Janitsjar vart stifta. For barn og unge har ein Breim og Sandane Skulekorps. Gloppen Kulturskule husar instrumentopplæring for barn og unge, og på Sandane ligg Firda Vidaregåande skule, med einaste musikk-, dans- og drama-linja i det geografiske området Sogn og Fjordane. Kulturinstitusjonane i kommunen har tette samarbeid, noko som er til glede for både store og små!

Sidan 1911 har idretten i bygda organisert av Breimsbygda IL. Idrettslaget deltek i alt frå fotball og vektløfting til langrenn og friidrett, med eit godt friidrettsanlegg på Byrkjelo Stadion som har husa NM i friidrett 4 gonger, og med Breimsbygda Skisenter på Utvikfjellet. I tillegg blomstrar barneidretten på alle plan. Breim har fostra mange idrettstalent opp igjennom åra, og Byrkjelo Stadion har vore ein hyppig treningsarena for mellom anna verdsmeister Karsten Warholm. Idrettslaget arrangerer òg ungdomsklubb for ungdommen i bygda i stadionbygget på Byrkjelo.