Vi tek turen til Loen i nabokommunen Stryn, og til ein av Noreg sine tøffaste klatreløyper. På slutten av turen kan du vente deg eit adrenalinkick utan like, og tidenes utsikt over den fagre Nordfjorden, med alle fjell og bygder rundt.  Eigenandel kr 500,- Les meir her

Til denne aktiviteten treng du tursekk, mat og mykje drikke (Via Ferrata anbefaler minst 1,5l drikke på turen), og gjerne litt raske karbohydratar. I tillegg treng du vindtett jakke og bukse, ein bøff/lue til å ha under hjelmen, hanskar (kan òg kjøpast i Loen), og anmarsjsko eller lave fjellsko med vibramsole (gult merke) er best. Kan leigast hjå Via Ferrata.