Dette er ein lett og fin tur på ca 10 kilometer. Turen går gjennom Myklebustdalen med bratte fjellsider på begge sider, til Stardalen i Jølster. Her startar turen på ein gammal traktorveg, for så å gå over til ei rås (sti).   Les meir her

Her treng du fjellsko eller gode tursko, eit vindtett lag med klede (bukse og jakke), bøff og/eller lue, hanskar/vottar, ein ekstra genser, sokkebyte, rikeleg med niste og drikke, og helst litt søtt og salt for dei som skal på langtur. Det er òg lurt å ha ein sekk som er god å bære, som er stor nok til alt dette!