I Sunnfjord kommune finn vi elva Jølstra, som i raftingbransjen er kjend for å ha ei av dei beste elvestrekningane i Nord-Europa til rafting. På denne aktiviteten får du oppleve store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen! Les meir her

Til denne aktiviteten er det lurt å ha med ullundertøy til å ha under våtdraktene, ein sekk med klesskifte og handkle. Du blir våt til skinnet sjølv om du får låne våtdrakt!

Deltakarar under 15 år må ha samtykke frå føresette for å kunne delta på denne aktiviteten. Samtykkeskjema ligg i brevet som de fekk sendt på mail 25.juni, og kan sendast inn til landsleir2022@4h.no før leiren!