Har du ein draum om å padle på den djupaste innsjøen i Nord-Europa? Vi tek turen til Hornindalsvatnet, og startar dagen med eit introkurs før vi legg ut på padletur. Det vert lunsj i vasskanten med moglegheit for bading. Dagen vert arrangert av Ut av Huse som du kan lese meir om her. Dette er kurset for både deg som aldri har padla før men som har lyst å prøve, og for deg som er ein driven padlar. Alle er velkomne!

Her er det lurt å ha med seg undertøysskifte, klesskifte og handkle pakka vasstett, sokke- og skobyte, mat og drikke, vindtette klede, bøff/lue og hanskar.