Er du kreativ? Likar du å leike med fargar og lage spennande mønster?  Nålefilting, batikk og toving er aktiviteten for deg som vil gjere kreativt handarbeid, med unike teknikkar som ein kanskje ikkje er så vand med!

Nålefiltingsteknikken er ein toveteknikk som går ut på å skape bruks- eller pyntegjenstandar av ull ved hjelp av taggete nåler.

Med batikk får du kvite t-skjorter som vi lagar knyte-batikk på ved hjelp av hyssing, strikk og klesklyper før vi fargar dei i eit eller fleire fargebad for å få fram mønsteret. Du får eit par t-skjorter på kurset, men kan òg ta med eigne. Vi kjøper inn eit rikt utval av batikkfarge og reknar med at flotte og fargerike t-skjorter flagrar på klesnorene til kvelden!