Hydlaparken er ein klatrepark som ligg fint til i flott natur. Her finn du aktivitetar for store og små. På området finn du mellom anna ein flott gapahuk til fri bruk, sykkelbane og sjølvsagt fleire klatreløyper og zip-lines. Les meir her

Eigenerklæring skal fyllast ut før ankomst til leiren. Kle deg i lett turtøy eller treningstøy. Ta gjerne med ein sekk med ekstra tøy. Vi anbefaler joggesko eller tursko med god såle. Klede med snorer (hettegenser) er ikkje lurt. Vi anbefaler at alle klatrande gjester brukar hanskar. Du kan ta med eigne hanskar eller kjøpe hjå Hydlaparken ved åtkomst til aktiviteten (pris kr 45).