Bli med på ei fantastisk vandring langs breelva og landskapet i Haugadalen. I enden av dalen møter du den isblåe Haugabreen som sig gjennom dalen frå Myklebustbreen. Her vil du møte breinstruktørane som tek dykk med på ei minnerik vandring på den 1000 år gamle isen. 

Les meir her

Til brevandring treng du fjellsko eller goretex joggesko, heildekkande kle (gode sokkar, turbukse, vindjakke/tynn boblejakke, vottar, hals og gjerne gamasjar om du har), varme kle  (ekstra ullsokkar, ullundertøy/superundertøy, ekstra gensar), solbriller, stor sekk (minst 15 l) og rikeleg med niste og vatn, gjerne òg sjokolade og snacks. Er det varmt og fint i veret, kan du gå tynnkledd inn til breen. Der tek vi på oss godt med kle. Det er alltid kaldt på breen.