
Under finn du ein oversikt over alle aktivitetane du kan delta på under landsleiren. Her er det mykje å velje mellom, så det er berre å glede seg!
Oppslag i AKTIViTET nr 1/2022:
Under finn du ein oversikt over alle aktivitetane du kan delta på under landsleiren. Her er det mykje å velje mellom, så det er berre å glede seg!
Oppslag i AKTIViTET nr 1/2022:
Unge kokkar gir deg "Smart mat"-kurset, der du lærer om kva mat som er "smart" og kvifor den er det, samt at du lærer korleis du lagar smakfull mat sjølv frå botnen!
På kurset vil du lære å lage fargerike smoothies, digge wraps, grøn sei og knallgode supper frå botnen med lokale råvarer. Dette blir ein dag med god mat og god stemning :)
Det blir matlaging både inne og ute på bål. Ta med deg passande klede og eige forklede, 1kg matglede og 3 liter lyst til å lære noko nyttig og morosamt!
Har du ein skjult volleyballmeister i deg, eller har du lyst å lære meir om volleyball? På dette kurset får du friska opp volleyballteknikken, og du får moglegheita til å kunne blåse alle andre av bana under volleyballturneringa seinare på leiren med dine nye volleyballkrefter!
ViteMeir er eit nyopna vitensenter på Kaupanger i Sogn. Senteret byr på stor breidde i tema og aktivitet. Kanskje du vil utfordre smaksløkane, eller freistar det meir å prøve seg som oppfinnar. Eller kva med å teste reaksjonsevna di i «nattesten» og krafta i fotballsparket ? Les meir her
Vi tek turen til Loen i nabokommunen Stryn, og til ein av Noreg sine tøffaste klatreløyper. På slutten av turen kan du vente deg eit adrenalinkick utan like, og tidenes utsikt over den fagre Nordfjorden, med alle fjell og bygder rundt. Eigenandel kr 500,- Les meir her
Bli med til Oldedalen og den flotte Briksdalsbreen, som er ein arm av Jostedalsbreen. Turen inn til breen finn stad i vakker natur, tek omlag 2 timar tur-retur og passar for alle. Her vil du oppleve flotte fossefall, høge fjell og iskaldt grønt brevatn. I gapahuken ved fjellstova kan du varme nista di på grillen eller finne på kjekke aktivitetar saman med turkameratane dine! Les meir her
Er du nysgjerrig på tradisjonen om ull som dekor? Flokk og Fjell frå Sandane har spesialisert seg på veggdekor av farga og tova ull, som kjem frå eigne sauer. Under leiren får du moglegheit til å få lært nokre av desse teknikkane! Sjå meir her.
Ein aktivitet som finn stad i, ved og på vatnet! Dette er aktiviteten for deg som vil prøve nye aktivitetar og konkurransar med nye og gamle vener. Det vert ein dag full av utfordringar, latter, samarbeid, hjernetrim. Oppgåvene kan minnast om tevlingar ein kan sjå på Farmen, med ein liten vri.
De vert delt inn i lag og konkurrerar på ein uhøgtidleg måte med alt mogleg, til dømes padlekonkurranse, SUP-staffett, A-ramme, Blekksprut og Tårnet, og mykje, mykje meir. Nøkkelord for at laget ditt skal få eit godt resultat er kreativitet, god kommunikasjon, jobbe praktisk, og ha ei positiv og sporty innstilling.
Ein artig måte å utfordre deg sjølv, og ikkje minst samarbeide og bli kjent med andre. Her kan alle vere med som kan svømme, utan at du må vere god på det! Les meir her
Ynskjer du å bevege på rockefoten og lære deg å svinge deg rundt i stilege bevegelsar og trinn? Eller har du lyst å kunne imponere alle under countrykvelden på leiren? Då er dette kurset for deg! Du treng ikkje kunnskap om swing frå før - så dette kurset passar for alle!
Har du lyst å sykle i terreng med tidenes fjordutsikt? Vi startar med litt teknikk-trening i Nordfjord Stisenter før vi syklar i Vereideskogen og utforskar den. I matpausen set vi oss godt til rette i gapahuken i Vereideskogen! Les meir her
Har du gode sikteevner? På denne aktiviteten får du prøve både leirdueskyting og skyting med pistol. Det vert lagt vekt på sikkerheit ved handtering og bruk av våpen.
Ikkje minst får du "treffe" nye venner ;)
På denne aktiviteten får du prøvd deg som saueklyppar. Her får du tips til gode måtar å hente inn og halde sauen på, i tillegg til opplæring i sortering av ull!
Er du ein hesteperson er dette aktiviteten for deg! Leirområdet husar til vanleg Norsk Fjordhestgard, og sjølvsagt vert riding ein aktivitet på leiren. Her får du ein heil dag ilag med hesten; inkludert stell, køyring og ein 3 timar lang ridetur saman med fjordhesten!
Redesign er aktiviteten for deg som vil lære meir om gjenbruk og det å reparere kleda dine framfor å kjøpe nytt. Du får lage nytt av gamalt med symaskin, nål og tråd - eller piff opp tekstilar under kyndig rettleiing frå Upscale design. Les meir på nettsida deira her.
I Sunnfjord kommune finn vi elva Jølstra, som i raftingbransjen er kjend for å ha ei av dei beste elvestrekningane i Nord-Europa til rafting. På denne aktiviteten får du oppleve store mengder sprut, spenning og moro, og eit herleg sug i magen! Les meir her
Paintball kan oppsummerast slik: strategi, adrenalin, moro, samarbeid. På denne aktiviteten får du opp adrenalinpumpa, rista frå deg stress og mas, og samarbeide med lagkameratane dine om å vinne kampen! Aldersgrense 15 år.
Har du ein draum om å padle på den djupaste innsjøen i Nord-Europa? Vi tek turen til Hornindalsvatnet, og startar dagen med eit introkurs før vi legg ut på padletur. Det vert lunsj i vasskanten med moglegheit for bading. Dagen vert arrangert av Ut av Huse som du kan lese meir om her. Dette er kurset for både deg som aldri har padla før men som har lyst å prøve, og for deg som er ein driven padlar. Alle er velkomne!
Har du ein dansefot i deg? På dette kurset får du ein heil dag med dansing, frå hiphop til moderne og jazz, frå kick ball change til Pas de Bourree, teknikk, koreografi og alt i mellom. Vi stiller med utdanna dansepedagog, du stiller med "movesa"!
Er du kreativ? Likar du å leike med fargar og lage spennande mønster? Nålefilting og batikk er aktiviteten for deg som vil gjere kreativt handarbeid, med unike teknikkar som ein kanskje ikkje er så vand med!
Nålefiltingsteknikken er ein toveteknikk som går ut på å skape bruks- eller pyntegjenstandar av ull ved hjelp av taggete nåler.
Med batikk får du kvite t-skjorter som vi lagar knyte-batikk på ved hjelp av hyssing, strikk og klesklyper før vi fargar dei i eit eller fleire fargebad for å få fram mønsteret. Du får eit par t-skjorter på kurset, men kan òg ta med eigne. Vi kjøper inn eit rikt utval av batikkfarge og reknar med at flotte og fargerike t-skjorter flagrar på klesnorene til kvelden!
Vi tek turen til Sogndal og til ein 18 meter høg klatrevegg som berre ventar på å bli bestege! Senteret har fleire klatreløyper og eit eige klatrerom. Har du drøymt om å lære å klatre, har du høvet no! Eigennandel kr 500,- Les meir her
Dette er ein lett tur på grusveg frå Utvikfjellet og ned til Reed. På turen har du utsikt over heile Breimsbygda til ein kvar tid, der du til og med kan vinke ned til leirområdet! Vegen går gjennom fleire støylar som tilhøyrer gardane og grendene i Breim, og kanskje du får helst på ein sau eller tre? Turen tek ca 2-3 timar. Vil du lese meir om turen og støylane du kjem til å gå forbi, kan du lese meir her.
Om ikkje innsjøpadling er noko for deg, får du òg moglegheita til å padle i fjorden! Vi reiser til Gloppefjorden på Sandane, der du får lærerik leik og moro på vatnet. Dette kurset tilsvarar introkurset på våtkortstigen hos Padleforbundet. Les meir her
Vi tar turen til Ryssdalshornet, eitt av fjella du kan sjå frå leirområdet! Toppen av fjellet ligg 1201 meter over havet, og er det første fjellet du ser når du kjem innover fjorden mot Sandane. Med ein karakteristisk utsjånad er Ryssdalshornet eitt av dei største turmåla i kommunen.
Det er ein krevjande tur som vert løna med flott panoramautsikt over nesten heile kommunen når du kjem opp!
No er vi komt til fjellet vi har i leirlogoen, så sjølvsagt skal det vere ein av fjellturane du kan velje som aktivitet under leiren!
Med si spisse form er fjellet blitt eit ikon for fotografar og folk på vandretur. Fjellet ruvar 1338 majestetiske m.o.h. Utsikt, storslått natur, høgdemeter og mjølkesyre er opplevingar du vil ha på turen. 3 parti på turen må forserast med hjelp av kjetting.
I tillegg kan du etter leiren, når du har sydd på buksemerket ditt, sei "eg gjekk på det fjellet under landsleiren på Breim"!
Dette er ein lett og fin tur på ca 10 kilometer. Turen går gjennom Myklebustdalen med bratte fjellsider på begge sider, til Stardalen i Jølster. Her startar turen på ein gammal traktorveg, for så å gå over til ei rås (sti). Les meir her
Hydlaparken er ein klatrepark som ligg fint til i flott natur. Her finn du aktivitetar for store og små. På området finn du mellom anna ein flott gapahuk til fri bruk, sykkelbane og sjølvsagt fleire klatreløyper og zip-lines. Les meir her
Dette er aktiviteten for deg som vil lage ditt eige uttrykk på eit klesplagg eller pyntegjenstand. Gjennom collage-teknikken kan du komponere ditt eige mønster med små bitar av stoff, og sy eller stryke desse på slik som du vil! Her har du 100% fridom til å lage akkurat det mønsteret du vil!
Bli med på ei fantastisk vandring langs breelva og landskapet i Haugadalen. I enden av dalen møter du den isblåe Haugabreen som sig gjennom dalen frå Myklebustbreen. Her vil du møte breinstruktørane som tek dykk med på ei minnerik vandring på den 1000 år gamle isen.
Har du ein skjult handballspelar i deg, eller er det blitt kjedeleg å spele vanleg handball på golv?
På denne aktiviteten tek vi innandørsidretten ut på sanden! Opplev beach handball på den flottaste sanda i heile Gloppen. Handballspelarar frå kommunen kjem for å gje deg ei innføring i beach handball, og det vert god tid til å prøve ut teknikkane i speletida!
Vi tek turen til Fjærland for å besøke bremuseet. Gjennom interaktive utstillingar, eksperiment, ekskursjon og ein panoramafilm kan du lære meir om breane sin påverknad på våre liv, og omvendt. Les meir her
Kunne du ønske det var fastelavn kvar dag? Eller søkjer du etter å perfeksjonere rundstykkedeiga di? Dette er kurset for deg som likar god gjærbakst og tradisjonsmat, eller ynskjer ein dag med mykje baking ,og ikkje minst - ingenting slår lukta av nybakt småbakst, spesielt når du då får ete det du nettopp har baka!
Vi tek turen til Bryggja i Nordfjord, der du får helse på ca 70 hjortar, lamaar, geiter, gardshundar og eit hyggeleg vertskap. Du får bli med å trekke garn, lære å filetere småaure (ørret) og steike den på bålpanna. Trøbåt og kano er tilgjengeleg, og det er mogleg å ta seg eit bad!
Det vil bli servert sveler frå bålpanne og lamaburger til lunsj. Dette blir ei flott gardsoppleving i vakker vestlandsnatur! Les meir her
Nordfjord Folkemuseum inviterar til spennande dag på museet! Gjennom eit mangfaldig program får du prøve deg på historiske aktivitetar, samt lære om den rike kulturarven til Nordfjord.
Nordfjord Folkemuseum er eit friluftsmuseum med antikvariske hus og gjenstandar frå regionen Nordfjord i Vestland fylke. Museet har 44 hus frå 1500-talet og fram til vår tid, samt Holvikejekta frå 1881. I administrasjonsbygget finn de ein museumsbutikk, ein liten kafé, toalettfasilitetar og utstillinga «Sjukdommane som endra historia».
Vi tek turen til Jølster og Strand 4H-gard, som ligg rett attmed Jølstravatnet. I tillegg til at du får oppleve dyr på nært hald, blir dagen fylt med leik, moro og farmenliknande aktivitetar.