Godkjent 4H-prosjekt:
Det er klubbrådgjevar eller andre vaksne hjelparar i klubben som avgjer om 4H-prosjekta blir
godkjent eller ikkje. I dette ligg det rom for å tilpasse både til det enkelte medlem, klubb,
stad, men ikkje minst i forhold til dette merkelege året 2020. 

Deltaking i klubbarbeidet:
Hovudregelen er at alle må vere til stades på minst 50% av møta og tilstellingane i klubben for å få deltakinga i klubbarbeidet godkjent. Vanlegvis må medlemane som treng fritak frå regelen, søke om dette på førehand. I 2020 kan det derimot vere mange grunnar til at dette har vore vanskeleg for mange å få til. Her bør 4H-klubbane vere romslege i vurderingane sine og ikkje stenge nokon ute fordi dei ikkje har vore aktive i klubbarbeidet.

På grunn av korona-pandemien og overgang til ny digital prosjektplattform, ber vi alle som skal vurdere 4H-prosjekt om å:

  • Sjå heilt bort frå regelen om deltaking i klubbarbeidet
  • Godkjenne alle 4H-prosjekt med:

Plan som forklarer korleis medlemet ønskjer å lære ved å gjere gjennom 4H-prosjektet sitt.

Evaluering/rapport som forklarer kva medlemet faktisk har gjort og lært gjennom 4H-prosjektet.

  • Utstilling er ikkje eit krav for å få utdelt 4H-merke, men ei viktig inspirasjonskjelde for andre 4H-medlemar i klubben. Dersom det ikkje lar seg gjere å stille ut på haustfesten, håper vi de finn alternative måtar å presentere prosjekta på. Kva med å presentere i open eller lukka gruppe på nett?

 

Korleis vurderer vi dersom…

  • Medlemet kom aldri i gong med 4H-prosjektet.

For å få utdelt merke, må medlemet vere registrert med prosjekt i 4H sine system anten gjennom den digitale prosjektplattforma eller direkte i medlemsregistret. Hjelp dei gjerne å skrive ein plan for eit mini-prosjekt som kan utførast på kort tid for å få dette til.

Dersom det er fleire i klubben som ikkje er komen i gong. Kva med eit fellesprosjekt der målet er å lære å bruke den digitale prosjektplattforma? Sjå filmane om gjennomføring.  

  • Medlemet har ikkje gjennomført noko av det som står i planen.

Å lære at ikkje alt går slik ein planlegg, er også læring. Kanskje har medlemet klart å gjere noko anna enn det som var planlagt eller kanskje ikkje. Alt har ein grunn og ein bør uansett tenke over kva ein har lært og kvifor.


4H Norge oppmodar alle som skal vurdere 4H-prosjekt til å vektlegge læringsvilje og innsats framfor resultat og måloppnåing dette året.